Ressurssjukepleiarar og lindrande behandling

Stad kommune har fleire sjukepleiarar som jobbar særskilt med kreftomsorg og lindrande behandling, pleie og omsorg. Ressurssjukepleiarane har særskild kompetanse på lindrande behandling og arbeider på sjukeheimane og i heimetenestene i Stad kommune. Du kjem i kontakt med ressurssjukepleiarane når du har søkt og fått helse- og omsorgstenester frå kommunen.

Når alvorleg sjukdom rammar

Når ein vert alvorleg sjuk, kan det vere godt å ha nokon å snakke med og søkje råd hos. Ressurssjukepleiarane i Stad kommune har som særskild oppgåve å lytte, vere eit bindeledd mellom deg, pårørande og hjelpeapparatet, yte praktisk hjelp og gje deg rettleiing.

Ressurssjukepleiarane arbeider med pasientar med kreftdiagnosar, andre langvarige og kroniske sjukdommar og sjukdommar med behov for lindrande behandling. Lindring i livets sluttfase der ein kan bu heime så lenge som mogleg, strekkjer vi oss langt for å få til.

Målet til ressurssjukepleiarane er at den som vert sjuk skal få god omsorg, ivareta både den som er sjuk og pårørande på ein god måte og sikre at behov vert møtt. Vi ønskjer å kome i kontakt så tidleg som mogleg i sjukdomsforløpet, slik at ein kan organisere nødvendig hjelp.

Ressurssjukepleiarane samarbeider med ei rekkje tenester som til dømes fastlege, primærhelseteam, fysio- og ergoterapi, helsestasjon, psykiatriteneste med fleire. 

Om det ikkje er behov for kommunale tenester i form av til dømes heimesjukepleie eller sjukeheim, men du sit med mange ubesvarte spørsmål om kreftsjukdom, kan du ta kontakt med kreftkoordinator i Stad kommune.