Middag levert heim

Du kan få middag levert heim dersom du ikkje kan lage deg mat eller varme opp ferdiglaga mat

Kven kan få middag levert heime?

Eldre som bur heime eller andre personar som på grunn av sjukdom ikkje kan lage middag sjølv, kan søkje om å få middag levert heim.

Kva tilbyr vi?

  • Varm, ernæringsrik og varierte middagar levert til bustaden din
  • Middagen vert levert heim til deg av frivillige hjelparar

Korleis søkjer du?

Du brukar felles søknadsskjema til helse- og omsorgstenester i Stad kommune.

Her kan du søkje helse- og omsorgstenester

Søknad om helse- og omsorgstenester papirutgåve (PDF, 135 kB)

Kva kostar det?

Frå 1. januar 2023 kostar det mellom 67 og 131,10 kroner per middag avhengig av vedtaket ditt.

Betalingssatsar i Stad kommune

Korleis vert søknaden behandla?

Det er heimetenesta i Stad som behandlar søknaden din. Du får eit skriftleg svar på søknaden din. Dersom det ikkje er mogleg å gje deg eit skriftleg svar innan ein månad, vil du få informasjon om årsaka.

Du kan klage på vedtaket innan fire veker etter at du mottok brevet. Du må grunngje klagen. Klagen skal du sende til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Har du spørsmål?

Om du har spørsmål om søknaden din, kan du ta kontakt med heimetenesta i det området du bur i.