Miljøretta helsevern

Miljøretta helsevern

Miljøretta helsevern omfattar dei faktorane i miljøet som direkte eller indirekte kan påverke helsa. Dette omfattar biologiske, kjemiske, fysiske og sosiale faktorar i miljøet. Stad kommune har etter folkehelselova ansvar for å drive tilsyn med miljøretta helsevern og fatte vedtak om retting etter ei rekkje forskrifter innan fagfeltet. Tenesta er organisert under kommuneoverlegen. 

Aktuelle arbeidsområde
•    Godkjenning av barnehagar og skular
•    Tilsyn med symjebasseng, helsestudio og badeplasser
•    Tilsyn med hudpleie, solarium, frisør, pirsing- og tatoveringsverksemder
•    Tilsyn med campingplassar og overnattingsverksemder
•    Internkontrollsystem
•    Psykososiale forhold
•    Inneklima, radon
•    Hygiene, reinhald, vedlikehald
•    Smittevern
•    Førstehjelp
•    Støy, lys