MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Individuell plan og koordinator

Individuell plan og koordinator

Dersom du har behov for fleire langvarige og samansette tenester, kan du få tilbod om koordinator og individuell plan. Kommunen pliktar å syte for at tenestene er koordinerte, samanhengande, tverrfaglege og tilpassa dine behov.  Ein koordinator vil hjelpe deg å ha oversikt og koordinere den tverrfaglege innsatsen. Ein individuell plan vil gje ei oversikt over hjelpebehov og hjelpetiltak for dine kortsiktige og langsiktige mål. Stad kommune nyttar ein digital versjon av individuell plan – SamPro.

Dette kan du få hjelp til

  • Oppnemne ein koordinator som skal hjelpe deg å halde oversikt og sikre kontinuitet i tenestene.
  • Få tilbod om individuell plan som gir oversikt og skal nyttast i samhandlinga mellom tenestene og deg. Koordinator har ansvar for at planen vert utarbeida.

Søk individuell plan og koordinator 

Søknadsskjema

Kva kostar det?

Det er gratis å få ein koordinator IP. Gebyrsatsar. (PDF, 2 MB)

Behandling av søknaden

Det er ein av sakshandsamarane i helse- og omsorgstenestene som handsamar søknaden din. Dei tek kontakt med deg for å avtale eit møte og karleggje behova dine. Du vil få skriftleg svar på søknaden, og om det vert vanskeleg å svare deg innan ein månad, vil du få informasjon om årsaka.

Dersom det er vanskar med å finne ein koordinator til deg, vert koordinerande eining kontakta for å avgjere kva tenesteeining  som skal avgje koordinator.

Har du spørsmål?

Har du spørsmål knytta til søknaden din, kan du kontakte leiar for koordinerande eining i Stad kommune.

Lover og forskrifter

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2011-06-24-30#KAPITTEL_7

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1999-07-02-63

Retningsliner for Stad kommune om samarbeid for personar med behov for koordinerte helse- og omsorgstenester, koordinator og individuell plan

                                           

Kontakt

Ragna Haaland
rådgjevar
E-post
Mobil 906 01 218