Influensavaksinering hausten 2022

Influensavaksinering hausten 2022

Etter nokre spesielle år under pandemien er det venta at den kommande influensasesongen kan verte hard. Vaksinasjon av risikogruppene er eit viktig tiltak for å beskytte mot alvorleg sjukdom. Her kan du lese meir om kven som får tilbodet.

Kven kan få vaksinen?

Det er dei som er i risikogruppene som får tilbod om influensavaksine gjennom legetenesta i kommunen.  Sjå informasjon om dette nedanfor.

Kvar får du teke vaksinen?

Dersom du har avtalt konsultasjon med fastlegen, kan du få sett vaksinen der i samband med konsultasjon. Du treng elles ikkje bestille eigen time hos legen din berre for å få vaksinen.

Stad kommune har gjennomført fire vaksinasjonsdagar i perioden 25. oktober til 11. november, og mange har nytta seg av tilbodet desse dagane.

Det er framleis høve til å få årets influensavaksine ved å kontakte eit av legekontora våre.

  • Selje legekontor:
    • Influensavaksinasjon vert gjort ved legekontoret etter timebestilling.
    • Ring 57856106 for å bestille time.
       
  • Eid legekontor:
    • Influensavaksinasjon vert gjort ved legekontoret etter timebestilling.
    • Ring 57863020 for å bestille time.

Kva kostar vaksinen?

I år kostar det til saman kr 200,- for influensavaksinasjon (samla kostnad for sjølve vaksinen og gjennomføring av vaksinasjonen).  

Risikogrupper:

  • Bebuarar i omsorgsbustadar og omsorgssenter (desse vert vaksinert ved omsorgssenteret)
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødde før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år
  • Barn og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

Meir informasjon om influensavaksinen