Koronavaksinasjon våren 2023Informasjon om koronavaksinasjon i Stad kommune. Publisert 04.03.2021 18.40 Sist endra 12.05.2023 14.36 Generell informasjon om koronavaksinane og vaksinasjon av ulike grupper finn du her: https://www.helsenorge.no/koronavirus/koronavaksine/ VIKTIG: Før du kjem til vaksinasjon ber vi deg gå gjennom dette eigenerklæringsskjemaet. Vaksineanbefaling for våren 2023 Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler at følgande personar bør vaksinerast med ein oppfriskingsdose våren 2023: Personar i aldersgruppa 75 år og eldre og sjukeheimsbebuarar som fekk førre dose for meir enn seks månader sidan. En ny dose vil vere spesielt aktuell om du: ikkje tidlegare har hatt koronasjukdom i tillegg til høg alder (75 år eller eldre) har ein sjukdom eller tilstand som gjer at du er i risikogruppa for å utvikle alvorleg koronasjukdom. For dei fleste i denne gruppa vil dette verte dose 5. For vaksineanbefalingar til andre grupper, sjå: https://www.helsenorge.no/koronavirus/koronavaksine/ Vaksinasjonsdagar Eid legekontor Ring 57 86 30 20 for å avtale time. Selje legekontor Ring 57 85 61 06 for å avtale time. VIKTIG: Før du kjem til vaksinasjon ber vi deg gå gjennom dette eigenerklæringsskjemaet. Andel vaksinerte i Stad kommune Generell informasjon om koronavaksinasjon På sida https://www.helsenorge.no/koronavirus/koronavaksine/ finn du god informasjon om mellom anna Kva vaksinar er godkjende i Norge Kven får koronavaksine først Gjennomføring av koronavaksinasjon Vaksinasjon av enkeltgrupper Beskyttelse og immunitet Biverknader Statistikk over sette vaksinedosar i ulike kommunar: https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/koronavaksinasjonsstatistikk/#kommunerantall-vaksinerte Kontakt oss ved spørsmål om koronavaksinasjon Du finn mykje god informasjon på denne sida og dei sidene som vert lenka til. Du kan elles ta kontakt med oss for timebestilling, råd og rettleiing. Ring ditt næraste legekontor (råd, rettleiing og timebestilling). Selje legekontor: Telefon 57856106 Eid legekontor: Telefon 57863020 Send spørsmålet ditt på e-post til korona@stad.kommune.no (råd og rettleiing) Om du har spørsmål om helsetilstanden din og kva dette kan bety med tanke på koronavaksinasjon, ber vi deg kontakte fastlegen din på vanleg måte. Kvar skjer vaksinasjonen? Vi vaksinerer no ved Selje legekontor og Eid legekontor. Ved vaksinasjonsdagar med drop-in vert vaksinasjonsstad annonsert. Transport til vaksinasjon Transport til vaksinasjon må ordnast av kvar enkelt. Transport til vaksinasjon kan ikkje bestillast frå Pasientreiser eller legekontora. TT-kort kan nyttast ved evt. bruk av drosje. I kva situasjonar kan eg ikkje møte til vaksinasjon? Du skal ikkje møte til vaksinasjon om du på vaksinasjonsdagen har symptom på forkjøling, feber over 38 °C eller andre teikn på infeksjonssjukdom Gje melding til Selje Legekontor (Telefon 57 85 61 06) eller Eid legekontor (Telefon 57 86 30 20). Førehandsreglar ved vaksinasjon Før du møter til vaksinasjon ber vi deg fylle ut eigenerklæringsskjema og ta med til vaksinasjonsstaden Skjema finn du her: https://www.fhi.no/contentassets/76e833e2ed2f4314ba7fabe0aba40b2e/vedlegg/bokmal_egenerklaringsskjema.pdf Ta kontakt med fastlegen din om du er usikker ved utfylling av skjemaet. Kva kostar vaksinen? Sjølve vaksinen og vaksinasjonen er gratis. Etterregistrering av vaksinar tekne utanfor Norge Informasjon om denne ordninga finn du her: https://www.helsenorge.no/koronavirus/koronavaksine/#hvordan-kan-du-etterregistrere-koronavaksine-tatt-i-utlandet Fastlegane vil kunne tilby time for dette til listepasientane sine avhengig av kapasitet målt opp mot andre prioriterte oppgåver. Private helsetenester, som til dømes Dr. Dropin, Aleris eller Volvat, kan også nyttast til dette. Ved videokonsultasjonar vil prisforskjellen vere moderat samanlikna med fastlegekontora, og ein vil kunne få time mykje raskare. Vurderinga av dokumentasjon vert gjort i sjølve konsultasjonen. Koronasertifikat Generell informasjon om koronasertifikat finn du her: https://www.helsenorge.no/koronasertifikat/