Arrangement og aktivitetar i Stad kommune

Helsedirektoratet har no godkjent Norsk musikkråd sin rettleiar om smittevern for musikkøving. Det betyr at det igjen er opna for musikkøving for det frivillige musikklivet, innanfor visse rammer.

Regjeringa har bestemt at forbodet mot kultur- og idretts- og andre arrangement som ikkje ivaretar grunnleggende krav til smittevern vil gjelde frem til 15. juni 2020. 

Arrangørar  i frivillig- og idrettssektoren  som har avlyst, stengt eller utsett arrangement som følge av råd eller  pålegg frå styresmaktene i samband med  koronaviruset  kan  få  kompensasjon, jf. forskrift  om midlertidig kompensasjonsordning for arrangører i frivillighets- og idrettssektoren vedtatt  3. april 2020.

Helsedirektoratet har kome med eit forbod mot og stenging av ulike arrangement og tilbod for å hindre spreiing av covid-19. Forbodet for kultur- og idrettsarrangement som ikkje kan ta i vare kravet om 2 meters avstand, vil gjelde fram til 15. juni. Det vil bli gjort ei ny vurdering i byrjinga av mai.