Avvikling av arrangement i Stad kommune

Avvikling av arrangement i Stad kommune

Helsedirektoratet har kome med eit forbod mot og stenging av ulike arrangement og tilbod for å hindre spreiing av covid-19. Forbodet for kultur- og idrettsarrangement som ikkje kan ta i vare kravet om 2 meters avstand, vil gjelde fram til 15. juni. Det vil bli gjort ei ny vurdering i byrjinga av mai.

Offentlege lokale

  • Operahuset Nordfjord, Biblioteka (Eid og Selje) og idrettsanlegg er stengde for aktivitetar og undervisning
  • Gymsal på skulane er stengde for aktivitetar
  • Eid svømmehall er stengd

Arrangement og samlingar

Idrett

Det er kome nye føringar for idrettsutøving og treningar. Kommunane eller Fylkesmannen har ikkje fått
noko konkret rolle i å følgje opp dette. Den særskilte idretten, foreldre osb blir oppmoda om å følgje
opp og passe på slik at føringane vert følgde.

• Maks 5 personar kan trene saman, og det bør vere ein avstand på to meter mellom desse
• Ein bør ikkje nytte/halde i same utstyr (kaste ball til kvarandre, nikke ball)
• Garderobar skal ikkje takast i bruk
• Vaksne er oppmoda til å vera til stades når barn trener saman
• Alle særforbund er oppmoda av idrettsforbundet til å laga eigne køyrereglar for sine idrettar

Rettleiar for idrett

Alpinanlegg

Helsedirektoratet kom 5. april med ei avklaring, som går ut på at kvar kommune må gjere ei konkret
vurdering av om alpinanlegg skal kunne halde ope. Avgjerande er om kommunen vurderer at verksemda kan
drive i tråd med gjeldande smitteverntiltak.
 

Kyrkja