MELDING

Oppdatert info om koronaviruset

Information about corona in various languages

Kommuneoverlegen og kommuneadministrasjonen følgjer situasjonen tett. Kommunen rettar seg etter regjeringa sine råd og deltek i den nasjonale dugnaden for å avgrense smitte av Covid-19.

Treng du å ta kontakt med kommunen om tenester generelt ber vi om å gjere dette per telefon eller e-post  

 

Treng du helsehjelp eller har spørsmål?

Treng du helsehjelp eller har spørsmål?

Det pågår for tida eit utbrot av koronavirus (coronavirus, COVID-19). Stad kommune følgjer situasjonen tett i samråd med nasjonale styresmakter, og har ein omfattande beredskap for at alle som treng det skal få tilgang til informasjon, råd og helsehjelp.

Kva gjer du om du er sjuk og treng helsehjelp, eller meiner du skal testast for koronavirus?

Ta telefonisk kontakt med ditt fastlegekontor. - Du skal ikkje møte opp hos fastlege eller legevakt. Er det utanom vanleg kontortid, tar du telefonisk kontakt med legevakta (116 117). Du får då snakke med lege som vil vurdere smitterisiko og planlegge vidare transport, oppfølging og prøvetaking av deg. Inntil du har vore til lege skal du unngå nærkontakt med andre menneske, og du skal unngå bruk av kollektiv transport. 

Det er vintersesong, og dei fleste med luftvegsplager har ikkje risiko for koronavirus. Undersøk derfor om du kan ha vore utsatt for smitterisiko før du kontaktar helsetenesta.

Oppmoding frå kommunelegen: Vi ber dykk om å ikkje ringe oss om anna enn akutte tilfelle
Mange er bekymra og har mange spørsmål omkring koronavirus. Dette fører til ein ekstrem pågang på telefon til legekontora i kommunen. Dette gir risiko for at personar som treng akutt helsehjelp, ikkje kjem igjennom til oss. Vi oppmodar derfor alle til å søke informasjon på helsenorge.no om dei treng råd og rettleiing omkring koronavirus. Om ein ikkje finn svar der, kan ein også ringe nasjonal informasjonstelefon om koronavirus på telefon 815 55 015. Alle kan med dette gjere sitt for at pasientar som treng akutt legehjelp, får denne så raskt som dei treng det. 

Har du mistanke om at du kan vere smitta, skal du ringe og ikkje møte opp hos fastlege eller legevakt.

Stad kommune si rådgjevingsteneste for spørsmål om koronaviruset

Om du har spørsmål knytt til situasjonen med spreiing av Koronaviruset, kan du også kontakte Stad kommune si rådgjevingsteneste:

Telefon: 910 07 708 - open kvardagar frå kl. 09-15:00
E-post: korona@stad.kommune.no

Tenesta avlastar legevakta, fastlegane og kommuneoverlegen som alle opplever stor pågang. 

Tenesta er bemanna av helsepersonell som svarar på spørsmål som: 

  • Treng eg å vere i karantene eller isolasjon?
  • Korleis skal eg oppføre meg når eg er i karantene eller isolasjon?
  • Treng eg å ta koronaprøve?
  • Treng eg å kontakte lege?

Nasjonale informasjonssider om korona

Helsenorge.no

Siste oppdaterte informasjon finn du på nettsida helsenorge.no. Her finn du fakta, råd og informasjon om symptomar, inkubasjonstid, behandling, reiser, arrangement og førebyggande tiltak. 
Finn informasjon på helsenorge.no  

Folkehelseinstituttes nettsider fhi.no

Siste oppdaterte informasjon finn du alltid på folkehelseinstituttets nettside. Her
finn du fakta, råd og informasjon om symptomar, inkubasjonstid, behandling, reiser, arrangement og forebyggende tiltak. 
Finn informasjon på fhi.no

Helsedirektoratets informasjonstelefon 815 55 015

Finn du ikkje svar på spørsmålet ditt, kan du ringe Helsedirektoratets informasjonstelefon. Der får du svar på generelle spørsmål, som for eksempel i kva områder det føregår spredning og kva symptom du skal være oppmerksom på. 
Ring Helsedirektoratets informasjonstelefon 815 55 015