Bu- og miljøtenesta 

Bu- og miljøtenesta 

Stad kommune bur seg på ein situasjon der mange kan bli sjuke av koronaviruset. Det er bestilt inn utstyr og medisinar, og ein kartlegg kva personell og kva kompetanse dei har. Omsorgstenesta har tett dialog med kommuneoverlege og kommuneleiinga. Vi følgjer generelle råd og informasjon frå folkehelseinstituttet.

Dagtilbod 


Det er mulig at vi i ein periode må stenge dagtilboda, evt reduserer drifta.  Det heilskaplege bilde vil vere avgjerande for eit slikt tiltak. Brukarar som har influensa-liknande symptom skal halde seg heime (feber, hoste, vondt i halsen el) og ikkje møter på dagtilbodet.


Avlastinga


Ein må vere budd på at vi må stenge avlastingseininga for ein periode for å klare å ta hand om dei som er sjuke. 


Butiltak 

Vi kan få mangel på helsepersonell framover og må prioritere dei som er sjuke. Ved utbredt smitte kan det bli aktuelt å spørje pårørande om dei i ein periode kan ta hand om sine.