Heimetenesta

Heimetenesta

Stad kommune bur seg på ein situasjon der mange kan bli sjuke av koronaviruset. Det er bestilt inn utstyr og medisinar, og ein kartlegg kva personell og kva kompetanse dei har. Omsorgstenesta har tett dialog med kommuneoverlege og kommuneleiinga. Vi følgjer generelle råd og informasjon frå folkehelseinstituttet.

Når tal smitta aukar kan vi få mangel på helsepersonell. Det betyr at pårørande som har muligheit til det, må ta hand om sine eldre sjølv ein periode. Omsorgstenesta vil måtte prioritere ressursane mot dei som er alvorleg sjuke. 

Informasjon om smittevern 

Info frå heimetenesta (PDF, 875 kB) til deg som mottar heimeteneste eller er pårørande.