Hogatunet og Seljetunet

Hogatunet og Seljetunet

Stad kommune bur seg på ein situasjon der mange kan bli sjuke av koronaviruset. Det er bestilt inn utstyr og medisinar, og ein kartlegg kva personell og kva kompetanse dei har. Omsorgstenesta har tett dialog med kommuneoverlege og kommuneleiinga. Vi følgjer generelle råd og informasjon frå folkehelseinstituttet.

Avlasting og korttidsopphald


Institusjonen må ha kapasitet til å ta imot fleire sjuke framover. I ein slik situasjon der både mange pasientar er sjuke og kanskje også mange tilsette er sjuke vil vi måtte prioritere veldig nøye kva oppgåver som MÅ utførast. Avlastning og kortidsopphald kan måtte avlysast på kort varsel dersom det oppstår smitte.

 


Fleire pasientar på kvart pasientrom


Ved auka behov for institusjonsplassar kan det bli aktuelt å legge fleire pasientar på kvart pasientrom i ein periode. Organisering av korleis dette skal gå føre seg vil gjerast i dialog med kommunelege.