Om nokon skulle bli sjuke av korona

Om nokon skulle bli sjuke av korona

Stad kommune bur seg på ein situasjon der mange kan bli sjuke av koronaviruset. Det er bestilt inn utstyr og medisinar, og ein kartlegg kva personell og kva kompetanse dei har. Omsorgstenesta har tett dialog med kommuneoverlege og kommuneleiinga. Vi følgjer generelle råd og informasjon frå folkehelseinstituttet.

For dei som blir smitta av korona viruset og vert så sjuke at dei må ha tilsyn heile døgnet, vil det bli oppretta eigne plassar.