MELDING

Infoside om korona 


Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Nye nasjonale koronatiltak frå 4. januar 2021

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Rutinar for besøk på helse- og omsorgsinstitusjonar

Rutinar for besøk på helse- og omsorgsinstitusjonar

Du kan ikkje kome på besøk dersom du er koronasjuk, har luftvegssymptom eller er i karantene på grunn av kontakt med ein smitta eller reise til utlandet.

Om du har  vore sjuk og blitt testa for covid-19, må du vente med å komme på besøk til du har fått negativt svar på testen og er heilt frisk igjen.

Pårørande eller andre besøkande som har vore i område i Norge med høg førekomst av smitte med covid-19, bør ikkje komme på besøk før 10 dagar etter heimkomst.

Alle besøk må avtalast på førehand

  • For å avtale besøk ringer du vakttelefonen for den aktuelle eininga måndag til fredag i tida mellom kl 11.00 og kl 15.00.
  • Du vil bli stilt nokre kontrollspørsmål for å sikre at besøket ikkje fører med seg risiko for smitte.

Besøkstider og tal besøkande

Inne: Alle dagar frå kl 11.00 til 13.00 og frå kl 16.00 til 18.00.

  • Inntil to bebuarar i kvar avdeling kan ha besøk inne samtidig.
  • Ved besøk inne kan ein bebuar ha besøk av inntil to personar samtidig. Om alle besøkande er i same husstand, kan to barn under 13 år komme i tillegg til dette slik at det til saman vert fire besøkande. Ein føresetnad er då at det er nok plass på rommet til at alle kan halde ein meters avstand til bebuaren.

Ute: Alle dagar frå kl 11.00 til 20.00

  • Inntil fire bebuarar i same avdeling kan ha besøk samtidig dersom to har besøk inne og to har besøk ute.
  • Ved besøk ute er det lettare å halde avstand, og ein bebuar kan ha besøk av inntil seks personar samtidig.  

Lengda på besøket kan vere inntil éin time.

Talet på samtidig besøkande ved heile institusjonen kan verte avgrensa for å sikre at personalet kan følgje opp besøka på ein god måte.

Gjennomføring av besøk

  • Hugs god handhygiene før, under og etter besøket. Dette gjeld også bebuaren.
  • Besøket skal skje på bebuaren sitt rom eller utandørs. Dersom bebuaraen er på rom med andre, må det gjerast særskilde avtaler.
  • Personalet møter deg ved avtalt inngang og følgjer deg direkte til bebuaren sitt rom.
  • Under besøket skal du ikkje opphalde deg i fellesareala.
  • Hald minimum ein meters avstand til andre enn den du besøker, og forsøk også å halde ein meters avstand til den du besøker. Du skal unngå nær kontakt ansikt til ansikt, men du kan halde i  handa. Hugs god handhygiene i samband med dette.
  • Du har lov til å ha med gåver, blomar og liknande. Pass på å ha god handhygiene i samband med handtering og overlevering av gjenstandar.
  • Om det er nødvendig å bruke toalettet under besøket, skal toalettet på bebuaren sitt rom nyttast. Ver nøye med handhygiene i samband med dette.
  • Unngå å ta på mange gjenstandar og overflater på rommet. Alle berøringsflater skal reingjerast etter kvart besøk. Personalet kan hjelpe til med dette.
  • Dersom du tek med mat, skal alle utføre god handhygiene før og etter at maten vert servert. De skal bruke eingongsutstyr som skal kastast på rommet etter bruk
  • Det vert ikkje servert mat frå helse- og omsorgsinstitusjonane sine kjøken ved besøk, og ingen besøkande får bruke kjøkena.

Føring av besøksprotokoll

  • Alle besøkande skal registrerast med namn, telefonnummer og opplysningar om tidspunkt og lengde på besøket.

Etter besøket

  • Dersom du får covid-19-symptom få dagar etter du har vore på besøk, må du varsle institusjonen om dette for å sikre effektiv smittesporing og andre nødvendige tiltak. Gje direkte beskjed til einingsleiar ved helse- og omsorgsinstitusjonen du har besøkt.

Bebuarar på besøk til pårørande utanfor institusjonen

  • På grunn av høgare risiko for smitte i mindre kontrollerte miljø enn ein har ved institusjonane, rår vi vekk frå dette.
  • Det bør gjerast ei individuell vurdering i kvart tilfelle, og risikoen må vektast opp mot grad av behov for eit slikt besøk. Ta kontakt med leiar ved avdelinga i telefontida for å drøfte/avklare slike spørsmål.
  • Om besøk utanfor institusjonen skal gjennomførast, må det skje i samsvar med gjeldande nasjonale smittevernråd og det er viktig at pårørande gjer seg godt kjende med desse i forkant.
  • Reglar for handhygiene og ein meters avstand skal haldast også ved slike besøk, og den som organiserer besøket bør halde oversikt over kven som har hatt kontakt med bebuaren.
  • Ved transport i bil bør ein vere så få som mogeleg i bilen, og bilturen bør haldast så kort som råd.