Rutinar for besøk på helse- og omsorgsinstitusjonar

Her finn du gjeldande rutinar for besøk på våre bufellesskap, helse- og omsorgsinstitusjonar.

  • Besøkande vert oppmoda om å halde 1 meter avstand og nytte munnbind i møte med helse- og omsorgstenesta
  • Pårørande som har symptom på luftvegsinfeksjon bør ikkje komme på besøk
  • Gode rutinar for handvask
  • Hostehygiene: host i albogen eller i papirlommetørkle
  • Besøkande vert oppmoda om å melde i frå til avdelingsleiinga dersom dei får symptom på luftvegsinfeksjon dei første dagane etter besøket

Les meir om Helsedirektoratet sine råd til besøkande

På institusjon ynskjer vi framleis at du kjem på besøk mellom kl.11.00 – 13.00 og frå kl.16.00 – 19.00.