MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Rutiner for besøk på helse- og omsorgsinstitusjonar frå 8. juni

Rutiner for besøk på helse- og omsorgsinstitusjonar frå 8. juni

Det er no mogleg å besøke helse- og omsorgsinstitusjonane i Stad kommune. Her finn du rutine for besøk gjeldande frå 8.6.20

Det er viktig at du som besøkande kjenner til og følger desse råda:

  •  Pårørende eller andre som har vært på utenlandsreise siste 10 dager, også til land utenom  Norden som ikke er omfattet av karanteneplikt, bør ikke komme på besøk før 10 dager etter hjemkomst. Hvis de testes for SARS-CoV-2, bør de ikke komme på besøk før negativt prøvesvar foreligger.
     
  • Du kan ikkje kome på besøk dersom du er koronasjuk, har luftvegssymptom eller er i karantene
     
  • Alle besøk må avtalast på førehand

Du ringer vakttelefon for den aktuelle eininga måndag til fredag telefontid mellom kl.11.00 – 15.00 og avtalar tid for besøk. 
Det vil bli stilt nokre kontrollspørsmål ift. luftvegssymptom , dette for å lette eventuell smitteoppsporing.  
Dersom spørsmål i høve å ta med bebuarar heim eller liknande ta kontakt med ein av leiarane i same telefontid for å drøfte / avklare råd rundt dette. Det er ikkje ynskjeleg at du reiser heim på besøk eller oppheld deg i folkemengder grunna fare for smitte. Dersom spesielle ynskjer ta kontakt med leiar for eininga for drøfting av den spesifikke situasjonen. 
Du kan reise på 1 times biltur.

  •     Besøks-tid

Inne: frå kl. 11.00 – 13.00 og kl.16.00 – 18.00 – alle dagar
2 brukerar i kvar avdeling kan ha 2 besøkande i gongen (små born tel også med), ein må passe på avstand. 
Ute: frå kl.11.00 – 20.00 – alle dagar.
Ved besøk ute kan brukaren ha fleire på besøk samtidig. Maksimalt 6 besøkjande på uteareal per bebuar. 
4 brukerar i same avdeling kan ha besøk samtidig dersom 2 har besøk inne og 2 har besøk ute.
Lengda på besøket kan vere 1 time.
Det vil vere noko begreinsing i antal besøkande totalt på institusjonen avhenging av om ein er utandørs eller innandørs. Dette for å ha ressursar til å følgje opp besøka på ein god måte.

  • Gjennomføring av besøk

Hugs god handhygiene før, under og etter besøket.
Personale møter deg ved bestemt inngong og følger deg direkte til pasientrom.
Besøket skal skje på bebuaren sitt rom eller utandørs ( dersom bebuaraen er på rom med andre må det gjerast særskilde avtaler).
Ikkje opphald deg i fellesarealer.
Hald minimum ein meters avstand til andre enn den du besøker og forsøk å halde ein meters avstand til den du besøker. Du skal unngå teitt ansikt til ansikt kontakt, men kan halde i  handa.
Du har lov til å ha med gåver, blomar og liknande uten spesielle tiltak anna ein handhygiene. 
Du bør unngå å bruke toalett under besøket, dersom naudsynt å nytte toalett skal ein nytte pasienttoalett. 
Unngå å ta på fleire gjenstandar på rommet – alle berøringsflater må vaskast etterpå. Personalet kan bistå med dette. 
Dersom du tek med mat skal alle utføre handhygiene før og etter mat serverast og inntas. Du må då nytte eingongsutstyr som skal kastast på rommet etter bruk.
Vi serverar ikkje mat frå helse- og omsorgsinstitusjonane sine kjøken og ingen besøkjande får nytte kjøkena. 

  • Føring av protokoll

Det blir ført protokoll på alle som har vore på besøk med namn og telefonnummer. Kva tid besøket har vore og kor lenge.

Dersom du får covid-19 symptom få dagar etter du har vore på besøk, må du seie i frå om dette til institusjonen slik at du bidreg til effektiv smittesporing. Gje direkte beskjed til assisterande einingsleiar eller einingsleiar ved helse- og omsorgsoinstitusjonen du har besøkt.

KONTAKTINFORMASJON


Heimetenesta,
Fossevegen,Vakttelefon: 97530876
Gamlebygg Hogatunet: 47 69 04 74
Assisterande einingsleiar, Ingrid hjelmeland telefon: 97 53 02 65 
Einingsleiar Anne Iren Naustdal, telefon: 92 41 27 48

Bryggja,Vakttelefon: 90 13 41 58
Assisterande einingsleiar, Åshild Bruland telefon: 97 99 04 62
Einingsleiar Anne Iren Naustdal, telefon: 92 41 27 48

Selje vakttelefon: 97 66 76 23
Stadlandet vakttelefon: 95 14 05 95
Assisterande einingsleiar, Åshild Bruland telefon: 97 99 04 62
Einingsleiar Anne Iren Naustdal, telefon:92 41 27 48

Hogatunet:
Vakttelefon: 57 86 20 30
Assisterande einingsleiar, Kristine Bjerkeset telefon: 92 24 22 44 
Einingsleiar Heidi Munch Starheim, telefon: 48 04 52 10

Seljetunet: 
Vakttelefon: 57 85 89 18 
Assisterande einingsleiar Rita Hatlenes, telefon 95 23 56 27 
Einingsleiar Annette Hovden, telefon 45 47 84 72

Bu- Og miljøtenesta:
Einingsleiar Katrine Holvik Skinlo, telefon 97 53 14 83

Dersom du skal besøke ein pasient eller bebuar med sannsynleg eller bekrefta Covid- 19 gjeld eigen smittevernråd og rutine for dette: Smittevernråd ved besøk i kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar