MELDING

Infoside om korona 

Information about corona in other languages

 

helsenorge.no  folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).
 

Info om vaksine og timebestilling 

Informasjon om KORONATESTING

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Covid-19-utbrot i Stad kommune - status onsdag 10. mars kl. 20.30

Covid-19-utbrot i Stad kommune - status onsdag 10. mars kl. 20.30

Stad kommune sitt arbeid med smittesporing og kartlegging av covid-19-utbrotet i kommunen held fram.

Tysdag 9. mars vart over 200 personar testa. Mange av desse er elevar og tilsette i klasse 1B ved Nordfjordeid skule og 9B ved Eid ungdomsskule som vart sett i karantene fordi ein elev i klassen fekk påvist smitte måndag. I tillegg testa ein tysdag andre nærkontaktar til smitta personar utan kopling til skulane, elevar i parallellklasser på niande trinn ved Eid ungdomsskule og andre innbyggjarar som på vanleg måte tok kontakt for testing på grunn av symptom på sjukdom.

Svar på prøvene viser at det ikkje er funne overført smitte til andre elevar i dei to klassene som er i karantene (1B og 9B). Ein ventar framleis på svar på tre av prøvene i 9B.

Det er heller ikkje påvist smitte blant elevar i klassane 9A, 9C og 9D på Eid ungdomsskule. Desse elevane kan gå ut av ventekarantene når dei har fått negativt prøvesvar. Ein ventar framleis på svar på ei prøve i 9A og ei prøve i 9D.  

Alle elevar/tilsette i barnehageavdelinga ved og skuleklassane som er sett i karantene så langt i utbrotet, skal halde fram i karantene til og med 14. mars. Dette gjeld avdeling 7 ved Golvsengane barnehage, klasse 1B, 4B og 6A ved Nordfjordeid skule og klasse 9B ved Eid ungdomsskule, i tillegg til Vaksenopplæringa sine klasser på LA-bygget.

Husstandsmedlemmar kan gå ut av ventekarantene når barnet/eleven har fått negativt prøvesvar. Alle som er i karantene vil verte kalla inn til testing for andre gong i slutten av veka.

Prøvesvar viser elles at fem nye personar har testa positivt. Alle desse har vore i karantene fordi dei er nærkontaktar til kjende smitta. Fire av dei fem er i same husstand som ein tidlegare smitta. Dette har gitt eit mindre tal nærkontaktar som vert sett i karantene og testa på vanleg måte. Smittetilfella fører ikkje til nye karantenetiltak inn i skule eller barnehage.

Status onsdag kveld er då at fem nye personar har fått påvist smitte i Stad onsdag, etter testing gjort tysdag. Dermed har til saman 22 personar fått påvist covid-19-smitte i Stad kommune under dette utbrotet. Svar på mutasjonsanalyse av viruset ligg framleis ikkje føre.

Framleis har alle smittetilfella ei kjent kopling til kvarandre, og ein har etter omfattande smittesporing og testing dei siste dagane fått kartlagt situasjonen relativt godt. Oppfølging av nye smitta og deira nærkontaktar vil halde fram etter same modell. Onsdag har ein testa omkring 130 personar. Dette er i hovudsak personar som er testa på grunn av symptom, og ein mindre del nærkontaktar knytt til dei som fekk påvist smitte tysdag.   

Stad kommune ber spesielt om at alle som får symptom på sjukdom i dagane som kjem, syter for å få testa seg snarast råd og halde seg heime til dei har fått svar.

Anbefalingane frå Stad kommune 9. mars er framleis gjeldande:

  • Vi ber alle om å vere nøye med å halde god avstand til andre i kvardagen, ha god handhygiene og ha svært lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved teikn til sjukdom.
  • Vi ber alle ha så få nære kontaktar som mogeleg i kvardagen og unngå å samlast i grupper utanom eigen husstand eller kohort i barnehage/skule.
  • Vi oppmodar lag og organisasjonar i Stad om å utsetje/avlyse arrangement, treningar og andre fritidsaktivitetar der ein samlar folk i grupper.

Desse råda gjeld til smittesituasjonen er meir avklara.