Covid-19-utbrot i Stad kommune - status torsdag 11. mars kl. 20.00

Onsdag vart omkring 130 personar testa for covid-19. Det var i hovudsak personar som vart testa på grunn av symptom, og nokre nærkontaktar til dei som fekk påvist smitte tysdag.

Svar på prøvene viser at éin ny person har fått påvist smitte med covid-19. Personen er elev i klasse 10A ved Eid ungdomsskule. Smittevegen er kartlagt og det er ikkje grunn til å tru at eleven har blitt smitta på skulen.

Eleven kan ha vore smittsam ved siste deltaking i skuleklassa som var måndag 8. mars. Elevar og tilsette i klasse 10A vert difor sett i karantene til og med 18. mars, og dei vil verte kalla inn til testing fredag. Prøvesvar er venta laurdag eller søndag. Alle husstandsmedlemmar til desse elevane/tilsette vert sett i ventekarantene.

Ved negativt svar kan husstandsmedlemmar gå ut av ventekarantene, men elevar/tilsette må halde fram i karantene sjølv om denne første testen er negativ. Dei vil verte testa på nytt seinare i karanteneperioden.

Andre elevar ved Eid Ungdomsskule vert særskilt oppmoda om ha så få nærkontaktar som mogeleg fredag og gjennom helga til situasjonen er betre kartlagd.

Andre nærkontaktar til den smitta er også varsla om karantene og testing.

Status torsdag kveld er då at éin ny person har fått påvist smitte i Stad torsdag, etter testing gjort onsdag. Dermed har til saman 23 personar fått påvist covid-19-smitte i Stad kommune under dette utbrotet. Med den aktuelle skuleklassen og andre nærkontaktar til den som no har fått påvist smitte, er til saman omkring 240 personar i karantene i Stad kommune.

Det har i ettermiddag kome svar på mutasjonsanalysen, og denne viser at utbrotet skuldast den muterte engelske varianten av koronaviruset.

I samråd med FHI er det gjort ei ny vurdering av risikonivå og aktuelle tiltak etter funn av mutert virusvariant. Allereie frå starten av utbrotet har ein valt å iverksette omfattande tiltak med karantene, testing og ventekarantene for å ta høgde for at det kunne vere ein slik virusvariant. Ein har også sett at det arbeidet som er gjort så langt under utbrotet, sjølv med ein mutert virusvariant, har ført til at ein har klart å kartlegge situasjonen godt. Alle smittetilfella er kopla til kvarandre. Vurderinga er at ein held fast på dei noverande tiltaka.

Stad kommune ber spesielt om at alle som får symptom på sjukdom i dagane som kjem, syter for å få testa seg snarast råd og halde seg heime til dei har fått svar.

Anbefalingane frå Stad kommune 9. mars er framleis gjeldande:

  • Vi ber alle om å vere nøye med å halde god avstand til andre i kvardagen, ha god handhygiene og ha svært lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved teikn til sjukdom.
  • Vi ber alle ha så få nære kontaktar som mogeleg i kvardagen og unngå å samlast i grupper utanom eigen husstand eller kohort i barnehage/skule.
  • Vi oppmodar lag og organisasjonar i Stad om å utsetje/avlyse arrangement, treningar og andre fritidsaktivitetar der ein samlar folk i grupper.

Desse råda gjeld til smittesituasjonen er meir avklara.