MELDING

Infoside om korona 

Information about corona in other languages

 

helsenorge.no  folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).
 

Info om vaksine og timebestilling 

Informasjon om KORONATESTING

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Informasjon til heimane 8. mars: To nye tilfeller av smitte i skulen

Informasjon til heimane 8. mars: To nye tilfeller av smitte i skulen

Nordfjordeid skule

Informasjon til heimane om eit nytt tilfelle av covid-19-smitte og elevar i karantene

Det vert vist til melding sendt ut til heimane i går.

I dag, måndag 9. mars, har ein fått svar på test som viser at eit barn i klasse 1B også har fått påvist covid-19-smitte.

Føresette til alle born i klasse 1B vert måndag kveld kontakta direkte av kontaktlærar med informasjon om karantene og testing.

Alle klasser som ikkje er sett i karantene held fram med normal aktivitet. Denne vurderinga er igjen gjort i samråd med Folkehelseinstituttet. Andre tiltak vert framleis vurdert fortløpande ettersom prøvesvar og andre avklaringar i saka ligg føre.  

I samsvar med prosedyrar frå FHI gjer ein no same type tiltak for klasse 1B som tidlegare er gjort for klasse 4B og 6A.

  • Alle born i klasse 1B blir sett i karantene i 10 dagar frå siste kontakt med den smitta. Siste dag i karantene vil vere søndag 14. mars. Frå og med 15. mars kan barnet vere tilbake i vanleg aktivitet.
  • Barnet vil verte kalla inn til testing om ettermiddag/kveld tysdag 9. mars. Når tidspunkt for test er tildelt tysdag, tek vi kontakt med føresette til barnet per telefon med informasjon om tidspunkt for oppmøte til test.
  • Barnet skal halde fram i karantene heile perioden sjølv om den første testen viser negativt resultat.
  • Om barnet får teikn til sjukdom seinare i karanteneperioden, skal barnet testast på nytt. Ta då kontakt med bestillingstelefonen for koronatest. Informer om at barnet er i karantene. Info om telefonnummer og testing ligg på https://stad.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/legeteneste/informasjon-korona/testing-og-provesvar/
  • Alle som bur i same husstand som barnet, må også halde seg i karantene («ventekarantene») til ein har fått negativt svar på prøven som vert teken av barnet tysdag. Svar vil komme onsdag kveld og verte varsla gjennom helsenorge.no. Ved negativt svar onsdag kveld, vil alle i husstanden unntatt barnet sjølv då vere ute av karantene.

Her finn du god informasjon om karantene: https://www.helsenorge.no/koronavirus/karantene-og-isolasjon/#smittekarantene

«Ventekarantene» er eit forsterka smitteverntiltak som er innført etter at ein har sett aukande førekomst av muterte virus. Det er ikkje avklart om denne saka skuldast mutert virus. Svar på analyse for dette kjem ein av dei næraste dagane. Stad kommune sine tiltak tek høgde for at det kan dreie seg om ein mutert og dermed ekstra smittsam virusvariant.

Spørsmål om karantene kan rettast til kommuneoverlegen på e-post: korona@stad.kommune.no

Eid ungdomsskule

Informasjon til heimane om covid-19-smitte og elevar i karantene og ventekarantene

Måndag 8. mars har ein fått svar på test som viser at ein elev i klasse 9B er smitta med Covid-19. Eleven er rekna å ha kunne vore smittsam tilbake til og med fredag 5. mars.

Føresette til alle elevar på niande trinn som vert sett i karantene (9B) eller ventekarantene (9A, 9C og 9D), vert måndag kveld kontakta direkte av kontaktlærar.

Alle andre klassar (åttande og tiande trinn) held fram med normal aktivitet. Denne vurderinga er gjort i samråd med Folkehelseinstituttet. Andre tiltak vert vurdert fortløpande ettersom prøvesvar og andre avklaringar i saka ligg føre.  

Tiltak for klasse 9B:

  • Alle elevar i klasse 9B blir sett i karantene i 10 dagar frå siste kontakt med den smitta. Siste dag i karantene vil vere søndag 14. mars. Frå og med 15. mars kan eleven vere tilbake i vanleg aktivitet.
  • Eleven vil verte kalla inn til testing om ettermiddag/kveld tysdag 9. mars. Når tidspunkt for test er tildelt tysdag, tek vi kontakt med føresette til eleven per telefon med informasjon om tidspunkt for oppmøte til test.
  • Eleven skal halde fram i karantene heile perioden sjølv om den første testen viser negativt resultat.
  • Om eleven får teikn til sjukdom seinare i karanteneperioden, skal eleven testast på nytt. Ta då kontakt med bestillingstelefonen for koronatest. Informer om at eleven er i karantene. Info om telefonnummer og testing ligg på https://stad.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/legeteneste/informasjon-korona/testing-og-provesvar/
  • Alle som bur i same husstand som eleven, må også halde seg i karantene («ventekarantene») til ein har fått negativt svar på prøven som vert teken av eleven tysdag. Svar vil komme onsdag kveld og verte varsla gjennom helsenorge.no. Ved negativt svar onsdag kveld, vil alle i husstanden unntatt eleven sjølv då vere ute av karantene.

Tiltak for klasse 9A, 9C og 9D:

  • Som eit ekstra tryggingstiltak vert elevar i dei andre klassane på niande trinn sett i ventekarantene fram til dei har fått negativt svar på test.
  • Alle elevar i klasse 9A, 9C og 9D skal då vere i karantene frå no av og fram til negativt svar på test ligg føre.
  • Eleven vil verte kalla inn til testing om ettermiddag/kveld tysdag 9. mars. Når tidspunkt for test er tildelt i morgon, tek vi kontakt med kvar enkelt per telefon med informasjon om tidspunkt for oppmøte til test.
  • Eleven må halde seg i karantene («ventekarantene») til ein har fått negativt svar på prøven som vert teken av eleven tysdag. Svar vil komme onsdag kveld og verte varsla gjennom helsenorge.no. Ved negativt svar onsdag kveld, går eleven ut av ventekarantene og kan gå tilbake i normal aktivitet på skulen og elles.
  • Husstandsmedlemmar til elevar i ventekarantene, kan leve som normalt og treng ikkje vere i noko form for karantene.

Her finn du god informasjon om karantene: https://www.helsenorge.no/koronavirus/karantene-og-isolasjon/#smittekarantene

«Ventekarantene» er eit forsterka smitteverntiltak som er innført etter at ein har sett aukande førekomst av muterte virus. Det er ikkje avklart om denne saka skuldast mutert virus. Svar på analyse for dette kjem ein av dei næraste dagane. Stad kommune sine tiltak tek høgde for at det kan dreie seg om ein mutert og dermed ekstra smittsam virusvariant.

Spørsmål om karantene kan rettast til kommuneoverlegen på e-post: korona@stad.kommune.no