MELDING

Infoside om korona 

Information about corona in other languages

 

helsenorge.no  folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).
 

Info om vaksine og timebestilling 

Informasjon om KORONATESTING

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Informasjon til heimane om covid-19-smitte og born i karantene

Informasjon til heimane om covid-19-smitte og born i karantene

Søndag 5. mars har ein påvist smitte med covid-19 hos ein elev i klasse 4B og ein elev i klasse 6A ved Nordfjordeid skule, og eitt barn i avdeling 7 ved Golvsengane barnehage. Barna er rekna å ha kunne vore smittsame tilbake til og med fredag 5. mars. Alle barna er ein del av same husstand. Desse tre smittetilfella er ein del av eit utbrot der også fleire personar i kommunen har fått påvist smitte. Kommunen har drive omfattande smittesporing og testing, og ein arbeider vidare for å avklare situasjonen best mogeleg. Ytterlegare informasjon om utbrotet kjem frå Stad kommune søndag kveld.

Søndag 7. mars har ein påvist smitte med covid-19 hos ein elev i klasse 4B og ein elev i klasse 6A ved Nordfjordeid skule, og eitt barn i avdeling 7 ved Golvsengane barnehage. Barna er rekna å ha kunne vore smittsame tilbake til og med fredag 5. mars. Alle barna er ein del av same husstand. Desse tre smittetilfella er ein del av eit utbrot der også fleire personar i kommunen har fått påvist smitte. Kommunen har drive omfattande smittesporing og testing, og ein arbeider vidare for å avklare situasjonen best mogeleg. Ytterlegare informasjon om utbrotet kjem frå Stad kommune søndag kveld.

Føresette til alle born som vert sett i karantene, vert søndag kveld kontakta direkte av kontaktlærar/barnehagelærar.

Alle andre klasser og barnehageavdelingar held fram med normal aktivitet. Denne vurderinga er gjort i samråd med Folkehelseinstituttet. Andre tiltak vert vurdert fortløpande ettersom prøvesvar og andre avklaringar i saka ligg føre.  

Når vi no har smitte inn i skule/barnehage er det viktig å gjere tiltak for å kartlegge og forhindre evt. vidare smitte. I samsvar med prosedyrar frå FHI gjer ein då følgande:

  • Alle born i klassen/barnehageavdelinga blir sett i karantene i 10 dagar frå siste kontakt med den smitta. Siste dag i karantene vil vere søndag 14. mars. Frå og med 15. mars kan barnet vere tilbake i vanleg aktivitet.
  • Barnet vil verte kalla inn til testing om ettermiddag/kveld måndag 8. mars. Når tidspunkt for test er tildelt måndag, tek vi kontakt med føresette til barnet per telefon med informasjon om tidspunkt for oppmøte til test.
  • Barnet skal halde fram i karantene heile perioden sjølv om den første testen viser negativt resultat.
  • Om barnet får teikn til sjukdom seinare i karanteneperioden, skal barnet testast på nytt. Ta då kontakt med bestillingstelefonen for koronatest. Informer om at barnet er i karantene. Info om telefonnummer og testing ligg på https://stad.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/legeteneste/informasjon-korona/testing-og-provesvar/
  • Alle som bur i same husstand som barnet, må også halde seg i karantene («ventekarantene») til ein har fått negativt svar på prøven som vert teken av barnet måndag. Svar vil komme tysdag kveld og verte varsla gjennom helsenorge.no. Ved negativt svar tysdag kveld, vil alle i husstanden unntatt barnet sjølv då vere ute av karantene frå onsdag av.

Her finn du god informasjon om karantene: https://www.helsenorge.no/koronavirus/karantene-og-isolasjon/#smittekarantene

«Ventekarantene» er eit forsterka smitteverntiltak som er innført etter at ein har sett aukande førekomst av muterte virus. Det er ikkje avklart om denne saka skuldast mutert virus. Svar på analyse for dette kjem ein av dei næraste dagane. Stad kommune sine tiltak tek høgde for at det kan dreie seg om ein mutert og dermed ekstra smittsam virusvariant.

Spørsmål om karantene kan rettast til kommuneoverlegen på e-post: korona@stad.kommune.no