Koronainformasjon skule og barnehage

Koronainformasjon skule og barnehage

Skular og barnehagar har vore stengde frå 13. mars. Regjeringa har bestemt at barnehagane skal opne att 20. april og skular/SFO (1.- 4. klasse) frå 27. april. Videregåande skular vil opne for yrkesfagelevar på VG2 og VG3.

Skulane skal fortsatt gje elevane eit opplæringstilbod heime og leggje til rette for opplæring så langt det lar seg gjere. Dette tilbodet vil fortsette for elevar frå 5. klasse også etter 27. april. Skulane vil informere ut til sine barn og føresette om skulearbeid og arbeidsplanar i perioden framover.

Info. frå Utdanningsdirektoratet om opning av barnehagar og skular

https://www.fhi.no/nyheter/2020/veiledere-i-smittevern-for-gjenapning-av-skoler/?fbclid=IwAR2cm0ZryTSSsAeIpoB2O5GcGJMywc_u-k-zEZmjGtTVYPFq2x2EgUJ2ViE


Opningstider i barnehagane i Stad kommune i veke 17, frå 20. april

Barnehagane er opne i tidsrommet Kl. 08.00 – 16.00

Stad kommune vil i slutten av veke 17, ut i frå erfaringar, vurdere om ein skal endre opningstidene i veke 18.

Avgjersla er fatta med bakgrunn i rettleiaren frå Utdanningsdirektoratet om bemanning og fare for smitterspreiing.  

Vi ønskjer alle borna velkomene igjen til barnehagane i Stad kommune. Viss det er nokon som er litt usikre i samband at barnehagane opnar opp igjen, så ta kontakt med styraren i den barnehagen som barnet går i.

For meir informasjon, sjå rettleiaren frå Utdanningsdirektoratet. 

Opning av skular 1.-4 klasse, SFO og videregåande skular yrkesfag VG2 og VG3, frå 27. april

Rettleiar frå Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet 

Kritiske og viktige samfunnsfunksjonar 

Barn av personell som jobbar i kritiske samfunnsfunksjonar har rett på og vil få eit omsorgstilbod fram til 20. og 27. april. Retten til omsorgstilbod gjeld også for barnehagebarn og elevar med særskilte omsorgsbehov.

Beredskapslinjen i kommunen har fullmakt til å avgrense eller utvide tilbodet.

Tilbodet blir gjeve til barn der føresette er:
1. Personell i kritisk samfunnsfunksjon. 
2. Personell med andre verksemdkritiske oppgåver 

For både punkt 1 og punkt 2 gjelder det at:
• Barnet skal vere under 12 år.
• Det er tilstrekkeleg at ein forelder arbeider i kritisk samfunnsfunksjon for å få tilbodet. Der barnet ikkje bur saman med begge føresette, men der den eine foresatte er i samfunnskritisk funksjon kan det også bli gjeve tilbod om plass. 
• Det ikkje er mogleg med anna barnepass.
• Arbeidsgjevar må kunne bekrefte at føresatt er personell i kritisk samfunnsfunksjon og/eller har verksemdkritisk oppgåve.

Tilsette i barnehagar og tilsette på 1. – 4. trinn i skulen er frå 13. april 2020 regna som viktig personell i handteringa av koronakrisa. Dei kan også få tilbod om plass.

www.regjeringen.no - Les heile lista og sjå kva yrker dette omfattar 

Koronaviruset og betaling av ikkje brukt  barnhageplass og sfo

Foreldre som har barn i barnehage og SFO skal sleppe å betale for det tidsrommet som barnehagen / sfo er stengt grunna koronaviruset.

For dei kommunale barnehagane og SFO sin del betyr det at fakturaen for mars som har forfall den 20. mars må betalast som vanleg. Fakturaen for april vert ikkje sendt ut før vi ser varigheita av stenginga og justert deretter.

Har du spørsmål, ta direkte kontakt med SFO eller barnehagen din.

Informasjon om rettigheiter ved stengde skular og barnehagar.

Alle eksamen for 10. trinn og alle skriftlege eksamen for videregåande skule er avlyst

Regjeringa har beslutta å avlyse alle skriftlege og munnlege eksamenar på 10. trinn og alle skriftlege eksamenar i videregåande skule våren 2020. Alle elevar får vitnemål sjølv om eksamen blir avlyst.

Regjeringa vil vurdere om det er mogleg å gjennomføre munnleg eksamen. Avgjersle vil kome etter påske.

Les mer informasjon om avlysning av eksamen.

Les vedtak om vern mot smittsomme sjukdommar