Heimekontor og linjekapasitet

Heimekontor og linjekapasitet

Nordfjordnett har begrensa linjekapasitet på fjerntilgangløysinga.

Vi ber om at IKT-brukarane våre følgjer retningslinjene nedanfor når det gjeld fjerntilgang til jobbnettverket:

1)    Dei som treng tilgang fagsystem med personsensitiv informasjon (sikker sone, sikkert heimekontor), kan bruke Cisco Anyconnect-løysinga frå jobb-PC. Døme på fagystem er Infodoc, Profil og Cosdoc

2)    Alle andre koplar seg til Fagportalen via https://fagportal.nordfjordnett.no/ og får tilgang til sine system der. Fagportalen er også tilgjengeleg via heimesida til Nordfjordnett på www.nordfjordnett.no. Døme på fagsystem er Outlook, Visma Enterprise, ACOS Websak og RS Ajour.

3)    Dei som berre treng tilgang til jobb e-post kan gjere dette via https://webmail.nordfjordnett.no/

Dette vil gjere at fleire får jobba effektivt fram til vi får endra linjekapasiteten.