Kritisk personell i kommunen

Kritisk personell i kommunen

Stad kommune viser til at DSB har definert kritiske samfunnsfunksjonar.

Kommuneleiinga har i møte 15.03.2020 presisert kven som er definert som kritisk personell i kommuneorganisasjonen.

Per 15.03.2020 er desse gruppene definerte som kritisk personell i kommuneorganisasjonen:

  • Alle tilsette i helse og omsorg
  • Alle tilsette i kommunalteknikk
  • Alle tilsette i reinhald
  • Alle tilsette i brann og redning

Det er i denne situasjonen særleg viktig at alle tilsette er tilgjengeleg for arbeidsgjevar per telefon. Dette er ei plikt som alle har i den ekstraordinære situasjonen som vi no er i.

Tilsette i Stad kommune må vere førebudde på å bli omplasserte til anna arbeid på kort varsel dersom situasjonen krev det.