Reiseråd for tilsette i helse- og omsorgstenestene i Stad kommune

Reiseråd for tilsette i helse- og omsorgstenestene i Stad kommune

Kvar går reisa?

Regjeringa sine reiseråd viser til «gule område» i Europa der smittepresset med covid-19 vert vurdert å vere så lavt at vi kan krysse grensene inn til Norge utan innreisekarantene. Også «gule område» har økt risiko, men karantene er ikkje nødvendig ved innreise til Norge. I «raude område» er smittepresset høgare. Lista over «gule område» vert oppdatert kvar 14. dag på FHI si nettside om reiseråd. Reise til land som ikkje er «gule» vil føre til 10 dagars karanteneplikt ved retur til Norge.

Ver oppmerksam på at land som er «gule» kan endre status og bli «raude» i løpet av reiseperioden. Då må du i karantene når du kjem heim.

Kva må du tenke på under reisa?

Du må følge FHI sine reiseråd ved alle reiser både i inn- og utland. Det er spesielt viktig at du tenker på følgande:

  • Unngå nærkontakt med andre enn reisefølget ditt. Hald minst 1 meters avstand.
  • Unngå samlingar av folk der du kan risikere å stå trangt – til dømes kollektivtransport, fotballkampar, utestadar og liknande. Følg gjeldande råd for bruk av munnbind.
  • Ver nøye med handhygiene og unngå å ta deg i andletet. Ha alltid handsprit lett tilgjengeleg.

Kva må du tenke på når du kjem heim?

På reise kjem ein i kontakt med fleire og andre menneske enn til vanleg. I dei fleste land i Europa har ein hatt vesentleg meir smitte enn i Norge, og smittesituasjonen er stadig skiftande og lite føreseieleg.

Utanlandsreiser fører med seg auka risiko for smitte. I Stad kommune gjeld difor følgande tryggleikstiltak for helsearbeidarar som har vore på reise i utlandet:

  • Etter reise til «gule område»:
    • Testing for covid-19 ved heimkomst. Du skal ikkje vere i pasientnært arbeid før første prøve er stadfesta negativ. Du skal vere spesielt oppmerksam på eigne symptom på sjukdom.
  • Etter reise til eit område som er «raudt» på det tidspunktet du kjem heim, må du i 10 dagars karantene etter heimkomst til Norge.

Kven har ansvar for kva?

Helsearbeidarar jobbar tett på personar som har auka risiko for alvorleg forløp av covid-19. Den enkelte har difor eit særleg ansvar for å oppføre seg slik at risikoen for å sjølv verte smitta – og dermed potensielt smitte andre – er så lav som råd.

Stad kommune har ansvar for at vi har system for å førebygge smitte i tenestene våre. Vi ønskjer difor at du informerer din næraste leiar om eventuelle utanlandsreiser i god tid slik, slik at ein kan legge til rette for førebyggande tiltak ved heimkomst. Time for testing ved heimkomst kan  avtalast i god tid – gjerne før du reiser.