Tilrettelegging og førebyggjande tiltak

Tilrettelegging og førebyggjande tiltak

Omtale av vilkår for sjukepengar og kva tilrettelegging og førebyggjande tiltak kommunen kan tilby for arbeidstakarar. 

Nedanfor er omtale av vilkår for å ha rett til sjukmelding og kva arbeidstakar og arbeidsgjevar kan avtale for å få utført nødvendig arbeid dei neste vekene.

Vi understrekar at dei til ei kvar tid gjeldande karantenereglane gjeld. Dersom arbeidstakar har symptom på luftvegssjukdom skal ein ikkje møte på jobb. Følg med på dei råda som kommuneoverlegen gir på nettstaden til Stad kommune.

 

Vilkår for sjukmelding og sjukepengar

NAV har på sin nettstad omtala kva vilkår som må vere tilstade for å få sjukepengar grunna koronaviruset.

Vilkår får sjukepengar finn du her

Oppsummering av vilkåra:

a) Arbeidstakar er smitta av koronaviruset 

  • Dersom du er dokumentert smitta av koronaviruset og ikkje kan utføre arbeid vil du  ha rett på sjukmelding og sjukepengar

b) Arbeidstakar er i karantene

  • Dersom du kan utføre arbeid medan du er i karantene, så kan du avtale dette med arbeidsgjevar
  • Du kan ha rett på sjukepengar om du utgjer ein risiko og må vere i karantene
  • Dersom du er i lovpålagt karantene og ikkje kan utføre arbeid, ber vi om at du brukar eigenmelding i karanteneperioden. Stad kommune godtek utvida rett til eigenmelding inntil 16 dagar.

Tilrettelegging og førebyggjande tiltak

  • Stad kommune kan etter avtale med leiar, innvilge avspasering og avvikling av ferie. Dette gjeld ikkje dei som har kritiske samfunnsfunksjonar og som må vere på jobb.
     
  • Stad kommune tilbyr heimekontor for dei som kan utføre arbeidet frå heimen. Dersom du er frisk (men i karantene), eller dersom du er skjerma på grunn av andre årsaker, så oppfordrar vi deg til å bruke heimekontor om det er mogleg. Dette må skje etter avtale med leiar. Du er då i ordinær jobb og får vanleg løn. Stad kommune godtek bruk av fleksitid for å få utført oppgåvene. Det vil i denne situasjonen vere mogleg å ta med jobbtelefon heim. Avklar med din leiar om heimekontor kan vere ei løysing.
     
  • NAV har endra regelverket slik at arbeidstakar som er heime med born utan omsorgstilbod kan nytte omsorgspengar (barns sjukdom) i denne perioden. Dei fleste har rett på 10 dagar, jf arbeidsmiljølova § 12-9 og NAV.no. Regjeringa har varsla utvida rett til omsorgspengar. Stad kommune avventar nærare informasjon om dette.
     
  • Avklar med din leiar om ein kombinasjon av heimekontor, omsorgspengar, avspasering og ferie kan vere ei løysing. Vi oppfordrar alle til å vere fleksible og løysingsorienterte.

Endra arbeidsoppgåver

Alle tilsette i Stad kommune må vere førebudde på å bli mellombels omplassert eller auka opp mellombels. 

  • Tilsette med helsefagleg utdanning som ikkje arbeider i helse og omsorg kan bli mellombels omplassert til arbeid i helsesektoren dersom det vert behov for det.
  • Deltidstilsette kan bli mellombels auka opp dersom det vert behov for det.
  • Pensjonerte helseutdanna kan vere ein ressurs dersom det vert behov for det.