MELDING

Oppdatert info om koronaviruset

Information about corona in various languages

Kommuneoverlegen og kommuneadministrasjonen følgjer situasjonen tett. Kommunen rettar seg etter regjeringa sine råd og deltek i den nasjonale dugnaden for å avgrense smitte av Covid-19.

Treng du å ta kontakt med kommunen om tenester generelt ber vi om å gjere dette per telefon eller e-post  

 

Kommunale tenester som er stengt

Kommunale tenester som er stengt

Her finner du oversikt over kommunaletenester som er stengde.

Skular og barnehagar

  • Skular og barnehagar er kun ope for barn og elevar med særskilde behov eller foreldre med samfunnskritisk arbeid. Les meir her

Kulturarrangement, gymsalar, idrettsanlegg

Kommunehuset i Selje

Kommunehuset i Selje held stengt for publikum frå måndag 16.03.20 fram til ny beskjed vert gitt. Rådhuset på Eid vil framleis vere ope for publikum. Det blir oppmoda om at folk så langt som råd tek kontakt på telefon eller epost.

Dagtilbod

Alle dagtilbodet er no stengt. Det blir lagt ei plan for kvar av dei som er avhengige av tilbodet.

Nav 

Som resten av Norge er også NAV Stad påverka av Korona-situasjonen. Nav vil så godt som mogleg svare alle som har behov for dialog med Nav, og anbefaler deg å ta kontakt med din rettleiar via aktivitetsplanen din. 
Viss du ikkje har moglegheit til å bruke digitale tenester, kan du få timeavtale som gjeld søknad om nødhjelp, økonomisk sosialhjelp og hjelp til å søkje om dagpengar ved permittering, sjukmelding, eller andre kritiske situasjonar. 

Du bestiller time ved å ta kontakt på telefon 55 55 33 33. Du kan også ringe mottaks-vertane våre på mobil 412 90 191 eller 412 93 398.

Timeavtaler som gjelder oppfølging eller andre forhold enn overnevnte, kan bli avlyst. Du vil i så fall få beskjed på SMS, Ditt NAV eller telefon. Du vil fortsatt få utbetaling fra NAV, sjølv om timen din blir avlyst eller utsatt.

Info. om 

Les vedtak om vern mot smittsomme sjukdommar

Info.skriv Helsedirektoratet (PDF, 182 kB)