Kommunale tenester som er stengde

Kommunale tenester som er stengde

Her finner du oversikt over kommunaletenester som er stengde.

Kulturarrangement, gymsalar, idrettsanlegg

Endringer frå 7. mai 2020

Frå 7. mai blir det tillate med arrangementer på offentleg stad for inntil 50 personar.

Dette gjeld berre arrangement med ein ansvaleg arrangør som har oversikt over kven som er tilstades og det er mogleg å halde minst ein meter avstand mellom personane. Kravet om avstand gjeld ikkje for personar som bur saman til vanleg. Ansvarleg arrangør skal sørge for at folk held avstand og at smittevernreglane for vert følgde.

Arrangement utan ansvarleg arrangør er ikkje tillat.

Dagtilbod

Alle dagtilbodet er no stengt. Det blir lagt ei plan for kvar av dei som er avhengige av tilbodet.

Nav 

Som resten av Norge er også NAV Stad påverka av Korona-situasjonen. Nav vil så godt som mogleg svare alle som har behov for dialog med Nav, og anbefaler deg å ta kontakt med din rettleiar via aktivitetsplanen din. 
Viss du ikkje har moglegheit til å bruke digitale tenester, kan du få timeavtale som gjeld søknad om nødhjelp, økonomisk sosialhjelp og hjelp til å søkje om dagpengar ved permittering, sjukmelding, eller andre kritiske situasjonar. 

Du bestiller time ved å ta kontakt på telefon 55 55 33 33. Du kan også ringe mottaks-vertane våre på mobil 412 89 389 eller 412 93 398. 

Timeavtaler som gjelder oppfølging eller andre forhold enn overnevnte, kan bli avlyst. Du vil i så fall få beskjed på SMS, Ditt NAV eller telefon. Du vil fortsatt få utbetaling fra NAV, sjølv om timen din blir avlyst eller utsatt.

Les vedtak om vern mot smittsomme sjukdommar

Info.skriv Helsedirektoratet (PDF, 182 kB)