MELDING

Oppdatert info om koronaviruset

Information about corona in various languages

Kommuneoverlegen og kommuneadministrasjonen følgjer situasjonen tett. Kommunen rettar seg etter regjeringa sine råd og deltek i den nasjonale dugnaden for å avgrense smitte av Covid-19.

Treng du å ta kontakt med kommunen om tenester generelt ber vi om å gjere dette per telefon eller e-post  

 

Koronainformasjon skule og barnehage

Koronainformasjon skule og barnehage

Regjeringa har vedteke at alle landet sine barnehagar og skular fortsatt skal vere stengde til og med 13. april. Perioden kan bli forlenga. 

Skulane skal fortsatt gje elevane eit opplæringstilbod heime og leggje til rette for opplæring så langt det lar seg gjere. 

Skulane vil informere ut til sine barn og føresette om skulearbeid og arbeidsplanar i perioden, og korleis ein kan kome i kontakt med lærar. Info. utdanningsdirektoratet.

Kritiske samfunnsfunksjonar
Til barn av personell som jobbar i kritiske samfunnsfunksjonar vil vi gje eit omsorgstilbod både til barnehageborn og skuleelevar. Tilbodet vil vere i den barnehagen/skulen som dei høyrer til.

Rett til plass i eit omsorgstilbod for barnehageborn og elevar opp til og med 4. klasse:
Retten gjeld forelder der begge føresette har eit arbeid som har ein samfunnskritisk funksjon eller der ein eineforsørgjar har eit slikt arbeid, og opp til og med 4. klasse. Tilbodet gjeld for dei vanlege opningstidene i barnehagane og Sfo/skule.

Denne retten gjeld og for barnehagebarn og elevar med særskilte omsorgsbehov.

Ta kontakt med din barnehage eller skule snarast råd om du/de har eit slikt behov, og tilbodet vil bli sett i verk straks.

Koronaviruset og betaling av ikkje brukt  barnhageplass og sfo

Foreldre som har barn i barnehage og SFO skal sleppe å betale for det tidsrommet som barnehagen / sfo er stengt grunna koronaviruset.

For dei kommunale barnehagane og SFO sin del betyr det at fakturaen for mars som har forfall den 20. mars må betalast som vanleg. Fakturaen for april vert ikkje sendt ut før vi ser varigheita av stenginga og justert deretter.

Har du spørsmål, ta direkte kontakt med SFO eller barnehagen din.

Informasjon om rettigheiter ved stengde skular og barnehagar.

Alle eksamen for 10. trinn og alle skriftlege eksamen for videregåande skule er avlyst

Regjeringa har beslutta å avlyse alle skriftlege og munnlege eksamenar på 10. trinn og alle skriftlege eksamenar i videregåande skule våren 2020. Alle elevar får vitnemål sjølv om eksamen blir avlyst.

Regjeringa vil vurdere om det er mogleg å gjennomføre munnleg eksamen. Avgjersle vil kome etter påske.

Les mer informasjon om avlysning av eksamen.

Les vedtak om vern mot smittsomme sjukdommar