MELDING

Oppdatert info om koronaviruset

Information about corona in various languages

Kommuneoverlegen og kommuneadministrasjonen følgjer situasjonen tett. Kommunen rettar seg etter regjeringa sine råd og deltek i den nasjonale dugnaden for å avgrense smitte av Covid-19.

Treng du å ta kontakt med kommunen om tenester generelt ber vi om å gjere dette per telefon eller e-post  

 

Koronainformasjon til næringsdrivande

Koronainformasjon til næringsdrivande

Kommunen tilrår at bedrifter følger tilrådinga frå myndigheitene:

Info. frå NAV

Informasjon til bedrifter som må permittere

Koronaviruset rammar alle næringar, og NAV førebur seg på ein ennå større auke i tal personar som registrerer seg dei komande vekene. Mange av dei er tilsett hos ein arbeidsgjevar som må permittere.

Det er foreslått ein del regelendringar som følgje av koronaviruset. Desse er ikkje tredd i kraft ennå, men på nav.no vil det heile tida vere oppdatert informasjon om desse, og mange andre spørsmål du treng svar på. 

Vi vil difor sterkt oppmode om at ein bruker nettsidene til NAV slik at ein til ein kvar tid har oppdatert informasjon.

Kva må du som arbeidsgjevar gjere:

Ein arbeidsgjevar som skal permittere 10 eller fleire tilsette skal gje melding til NAV om dette så tidleg som mogleg. Dette gjer dei ved å nytte skjemaet «Arbeidsgivers meldeplikt til NAV ved masseoppsigelser, permitteringer uten lønn og innskrenking i arbeidstiden». (NAV 76-08.03). Skjemaet må sendast i posten, men det vert jobba med å utvikle eit digitalt skjema.

I tillegg til å varsle på vanleg måte med skjemaet, kan arbeidsgjevarar ta direkte kontakt med oss om det er behov for råd og rettleiing. 

Vi anbefaler deg som arbeidsgjevar å informere den permitterte om at han eller ho så raskt som mogleg registrerer seg som arbeidssøkjar og søkjer dagpengar. Ein registrerer seg på nav.no, og her kan ein og sende digital søknad om dagpengar. På nav.no vil det og vere oppdatert informasjon om rettar og pliktar til personar som vert permitterte. 

Det vil bli behov for arbeidskraft

På grunn av koronaviruset vil det bli eit aukande behov for arbeidskraft innan fleire næringar. Personar som registrerer seg hos NAV blir bedt om å fylle ut CV og jobbprofil. Det skal gjere det lettare for arbeidsgjevar og NAV å finne rett kompetanse. Vi oppmodar alle som registrerer seg hos NAV om å sørge for ein god og fullstendig CV. Alle bør tenke på om dei har ein kompetanse som samfunnet vil få behov for i ein periode framover. 

Viktige nettsider for informasjon frå NAV i samband med koronavirus:

For arbeidsgjevarar som treng bistand utover det som er tilgjengeleg på nav.no:

Ring arbeidsgjevartelefonen tlf. 55 55 33 36.

eller

Send e-post eller ring til: 
NAV Stad: ingunn.husevag@nav.no, tlf 41 29 33 98
NAV Gloppen: atle.jan.foleide@nav.no, tlf 41 39 52 57
NAV Bremanger: anita.lexau.grotle@nav.no, tlf 45 86 69 49 
NAV Stryn: silje-katrin.opheim@nav.no, 91 11 42 46

eller 

Teamkoordinator NAV region Nordfjord: 
øyvind.hervik@nav.no tlf 917 36 594

Pressekontakt:
Kari Tonning, regionleiar, tlf. 452 33 070, e-post kari.tonning@nav.no 
 

Regjeringa foreslår å opprette ei ordning der staten dekker ein andel av dei faste kostnadane for bedrifter som har stor nedgang i omsetnad som følgje av virusutbrotet og smitteverntiltaka. Ordninga skal vere enkel både å nytte og administrere, og blir utforma slik at det tek kort tid frå søknad til pengane er på konto. 

Næringsorganisasjonane i Nordfjord inviterer til webinar  måndag 30. mars kl. 09.00 - 10.00 om likviditetsstyring i krisetider.