85% har fått første vaksinedose i Stad

I Stad har no 85% av alle innbyggjarar over 18 år fått første vaksinedose, og 47% av alle over 18 år er fullvaksinerte. I tida framover reknar Stad kommune med å ha god tilgang til vaksinar, og kommunen får no lov til å bruke tilgjengelege vaksinar til å framskunde tidspunktet for andre vaksinedose.

- Det er lagt ned ein enorm innsats i å gjennomføre vaksinasjonsprogrammet i Stad kommune, både av tilsette i kommunen og frivillige. Vi vil takke alle som har bidrege så langt, og vil oppmode alle som enno er uvaksinerte til å bestille time så snart som råd, seier Stad-ordførar Alfred Bjørlo og Kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.

- Koronavaksinasjonsprogrammet i kommunen har fungert godt, og vi ser at vi har svært god vaksinasjonsdekning i dei eldste aldersgruppene, seier Vedeld. I alle aldersgrupper frå 55 år og oppover er vaksinasjonsgraden no over 90%.

Det er framleis ein del i aldersgruppa 18 til 44 år som er uvaksinerte. Den aukande smitten vi har sett den siste tida har spesielt vore i denne aldersgruppa. Det vil vere ledige timar til dose 1 kvar veke framover.  Alle over 18 år kan bestille seg time til dose 1 på https://timebestilling.remin.no/stad, eller kontakte Stad kommune sin koronavaksinetelefon 94 81 87 30. Telefonen er open måndag, onsdag og torsdag kl 10-14.

I tida framover reknar Stad kommune med å ha god tilgang til vaksinar, og no får kommunen lov til å bruke tilgjengelege vaksinar til å framskunde tidspunktet for andre vaksinedose. Framskunding av dose 2 vil verte gjort i same rekkefølge som personar har fått dose 1. Det betyr at dei som har venta lengst på dose 2 vil få tilbod først.

-  Du treng ikkje å ta kontakt med oss for framskunding av dose 2. Alle som får framskunda dose 2 vil få beskjed om dette gjennom ein SMS eller telefon frå oss, seier Kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.