Alle prøvesvar negative etter andre gongs testing

Alle prøvesvar negative etter andre gongs testing av trinn 3-8 ved Kjølsdalen Montessoriskule og klasse 7B ved Nordfjordeid skule.

Tysdag ettermiddag og onsdag morgon vart elevar og tilsette i klassetrinn 3-8 ved Kjølsdalen Montessoriskule og klasse 7B ved Nordfjordeid skule testa for andre gong i karanteneperioden. Onsdag kveld har ein fått svar på alle desse prøvene, og alle prøvesvar er negative.

Elevar og tilsette i desse gruppene har no testa negativt på covid-19-test minst sju døgn etter siste moglege eksponering for smitte. Dei er då ferdige med karantenen og kan vende tilbake til normal aktivitet.

Det er heller ingen andre positive prøvesvar etter ordinær testing på Nordfjordeid tysdag ettermiddag og onsdag morgon. Onsdag kveld har ein fått svar på totalt 96 av 97 prøver.