Covid-19 oppdatering søndag 18. april kl. 20.00

Ein danseelev i kulturskulen i Stad er nærkontakt til ein husstandsmedlem med påvist covid-19 i Kinn kommune. Denne eleven deltok på øving fredag saman med om lag 15 andre elevar.

Sidan eleven som er nærkontakt no har utvikla symptom, er det teke prøve i dag (søndag). Hurtigtest var negativ. Svar på PCR-prøve som gir eit sikrare resultat, er venta måndag kveld. På grunn av ein viss risiko for at eleven kan vere smitta, har dei andre elevane som deltok på øvinga fredag blitt sett i karantene i påvente av svar på PCR-prøven. Husstandsmedlemmar til dei aktuelle danseelevane er ikkje sett i ventekarantene.

Om nærkontakten får positivt testresultat måndag kveld, vil elevane halde fram i karantene og verte testa tysdag. Då vil også husstandsmedlemmar bli sett i ventekarantene. Meir informasjon kjem når dette er avklart måndag kveld.