Covid-19 oppdatering Stad - måndag 19. april kl. 21.00

Ein danseelev i kulturskulen i Stad, busett i Kinn, er nærkontakt til ein husstandsmedlem som fredag kveld fekk påvist covid-19. Eleven deltok på øving fredag saman med 15 andre elevar og to instruktørar.

Fordi det var ein viss risiko for at eleven kunne vere smitta, vart dei andre elevane og instruktørane sett i karantene søndag i påvente av prøvesvar.

Måndag kveld viser svar på PCR-prøven at eleven har fått påvist covid-19.

Alle andre elevar og instruktørar som deltok på øvinga fredag kveld er no definert som nærkontaktar. Dei vert testa tysdag og skal halde fram i karantene til og med måndag 26. april. Husstandsmedlemmar til elevar/instruktørar vert sett i ventekarantene fram til det har kome negativt svar på den første testen.