Covid-19-utbrotet i Stad – status måndag 5. april kl. 20Måndag kveld har ein fått svar på alle prøver som vart tekne søndag.Prøvesvar viser at éin ny person har fått påvist covid-19 etter testing på Nordfjordeid fredag. Smittevegen er kjent og kopla til utbrotet. Nærkontaktar er sett i karantene og vert testa.Det er ingen andre positive prøver etter testing søndag.Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.Symptom på koronavirus kan vere: Sår hals Hoste Tett eller rennande nase Hovudverk Feber Influensafølelse eller sjukdomsfølelse Kroppsverk Tungpust Tap av smak- eller luktesansVi anbefaler at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast. Stad kommune vil kome med ny vurdering av lokale tiltak i løpet av tysdag 6. april. Publisert 05.04.2021 20.05 Sist endra 05.04.2021 20.08