Covid-19-utbrotet i Stad – status onsdag 31. mars kl. 21.30

Onsdag kveld har ein fått svar på alle 25 prøver tatt på Nordfjordeid og 12 av 18 prøver tatt i Selje tysdag. Det er så langt ikkje meldt om nye positive prøver.

Onsdag er 17 personar testa på Nordfjordeid og 24 personar testa i Selje.

Gjennom påska vil det komme nye statusmeldingar dersom det vert påvist nye smittetilfelle i kommunen.  

Det vert tilbod om koronatesting i Selje og på Nordfjordeid fredag 2. april (langfredag) og søndag 4. april (1. påskedag). Nordfjord legevakt kan kontaktast for bestilling av time – telefon 116117. Testing vert gjort på ettermiddagen og bestilling av time må skje før kl. 15 dei aktuelle dagane.

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans

Vi anbefaler at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast.