Covid-19-utbrotet i Stad – status torsdag 1. april kl. 19  

Torsdag viser prøvesvar at to personar har fått påvist covid-19 etter testing i Selje onsdag. Personane har vore i karantene som nærkontaktar til tidlegare smitta personar innanfor husstandane. Det er ikkje nye nærkontaktar.

Prøvesvar viser også at ein person har fått påvist covid-19 etter testing på Nordfjordeid onsdag. Også denne personen har vore i karantene som nærkontakt til ein tidlegare smitta. Det er tre nærkontaktar innanfor familien.

Torsdag er det då til saman påvist tre nye personar med covid-19 i kommunen. Alle har vore i karantene og alle har kjent smitteveg kopla til utbrotet.

Alle andre prøvesvar er negative.

Gjennom påska vil det komme nye statusmeldingar dersom det vert påvist nye smittetilfelle i kommunen.  

Det vert tilbod om koronatesting i Selje og på Nordfjordeid fredag 2. april (langfredag) og søndag 4. april (1. påskedag). Nordfjord legevakt kan kontaktast for bestilling av time – telefon 116117. Testing vert gjort på ettermiddagen og bestilling av time må skje før kl. 15 dei aktuelle dagane.

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans

Vi anbefaler at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast.