Det frivillige musikklivet kan gjenoppta øvingar!

Det frivillige musikklivet kan gjenoppta øvingar!

Helsedirektoratet har no godkjent Norsk musikkråd sin rettleiar om smittevern for musikkøving. Det betyr at det igjen er opna for musikkøving for det frivillige musikklivet, innanfor visse rammer.

Kommunen vil i samsvar med rettleiaren leggje til rette for at det frivillige musikklivet i Stad kommune skal kunne ta opp igjen aktiviteten sin snarest mogleg.

Rettleiaren kan du lese på www.musikk.no/smittevern. Her finn du også plakat for utskrift til øvingslokalet og ein PDF som kan delast ut til alle som skal delta. 

Merk at det per i dag er ei grense på maksimalt 30 personar som kan møtast. Desse må operere i grupper på fem personer, med innbyrdes avstand på 2 meter. Det må vere forsvarleg avstand mellom kvar gruppe (4 meter er anbefalt). Hygiene må ivaretakast på øvingane.

Sjå også