Éin ny person smitta med covid-19 i Stad kommune

Måndag vart 82 personar testa for covid-19 på Nordfjordeid. Tysdag kveld har ein fått svar på 80 av desse prøvene, og prøvesvar viser at éin ny person har fått påvist covid-19-smitte.

Personen var allereie i karantene på grunn av kjent smitte i husstanden. Det er ingen nye nærkontaktar. Alle andre prøvesvar er negative.

Det er framleis svært viktig at alle innbyggjarar har lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved symptom på sjukdom.

Symptom på covid-19 kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans