Heimetesting av alle elevar før dei kjem på skulen etter juleferien

Heimetesting av alle elevar før dei kjem på skulen etter juleferien

Helsestyresmaktene tilrår at alle skuleelevar vert testa med ein hurtigtest for covid-19 før dei kjem tilbake på skulen etter juleferien. Dette gjeld sjølv om eleven er heilt symptomfri.

Testen bør takast same morgon som eleven skal møte på skulen, eller kvelden før. Alle lærarar i skulen og alle tilsette i barnehagane i kommunen vil også teste seg på same måte.

Testar vert levert ut frå kommunen utan kostnad. Utlevering av testar til elevar i grunnskulen (1. til 10. trinn) vil skje ved dei ulike skulane søndag 2. januar. Meir informasjon om tid og stad for henting vert sendt ut til dei føresette frå kvar skule. Det følgjer med brukarrettleiing og informasjonsark om isolasjons-/karantenereglar med kvar test. Heimar som elles har hurtigtestar tilgjengeleg frå før (tidlegare utlevert eller kjøpt sjølve), kan nytte desse.

Eid vidaregåande skule vil også organisere testing av sine elevar ved oppstart etter juleferien, og skulen vil sjølv informere elevar og føresette om dette.

Vi minner om at testane ikkje toler frost.