Ledige timar for koronavaksine til gruppe 8 vert lagt ut for bestilling kl. 10.00 mandag 7. juni

Stad kommune tilbyr no koronavaksine til personar i prioriteringsgruppe 8 (personar i alderen 55-64 år).

Det er ingen ledige timar tilgjengeleg no (for vaksinering i veke 23).

Vi har nettopp fått stadfesta neste vaksineleveranse og arbeider med planlegging av vaksinasjon i veke 24.

247 ledige timar for vaksinasjon i veke 24 vert tilgjengeleg for bestilling mandag 7. juni kl. 10.00.

Timebestilling gjer du her: https://timebestilling.remin.no/stad

Meir informasjon om koronavaksinasjon i Stad kommune:

https://stad.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/legeteneste/informasjon-korona/vaksinering-covid-19-2/