Ønskjer du koronavaksinen Nuvaxovid?Nuvaxovid er ein ny proteinbasert koronavaksine, som bygger på meir tradisjonell vaksineteknologi enn mRNA-vaksinane frå Pfizer og Moderna. Vaksinen er godkjent for deg som er 18 år og eldre. Du kan få Nuvaxovid som dose 1, 2 eller 3. Enkelte har ikkje tatt koronavaksine fordi dei av ulike årsaker ikkje ønskjer mRNA-vaksine. Desse kan no få tilbod om denne andre vaksinetypen. Dagens kunnskapsgrunnlag gir i følgje FHI ikkje samla sett noko grunnlag for å anbefale Nuvaxovid framfor mRNA-vaksinar, verken ved grunnvaksinasjon eller oppfriskingsdose. Les meir om Nuvaxovid Sjå informasjon om vaksinasjonsdagar og timebestilling her: https://stad.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/legeteneste/informasjon-korona/vaksinering-covid-19-2/ Sidan det er svært få som ønskjer Nuvaxovid, har vi den ikkje alltid på lager. Du må vere budd på at vi kan trenge noko tid for å bestille den inn (2-3 veker). Publisert01.03.2022 11.20 Sist endra19.04.2022 15.24