Oppsummering av webinar 5. mai

Oppsummering av webinar 5. mai

Tysdag 5. mai arrangerte Stad kommune webinar for lag, organisasjonar og aktivitetstilbydarar innan frivilligheit, kultur og idrett. Her finn du eit referat frå møtet. 

Opptak av webinaret finn du på Stad kommune sine Facebook-sider, og kan sjåast når som helst.

Har du andre spørsmål på vegne av ditt lag eller organisasjon? Husk at du når som helst kan sende dine spørsmål til oss på frivillighjelp@stad.kommune.no, så hjelper vi deg vidare! Har du spørsmål direkte knytt til smittevern kan du sende e-post til korona@stad.kommune.no

Kommuneoverlege 

Kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld har rolla som helsefagleg rådgjevar for kommuneorganisasjonen, og er smittevernansvarleg lege i Stad kommune. I denne spesielle situasjonen er han aktivt med råd og rettleiing ut i mot bedrifter, lag, organisasjonar og enkeltpersonar.

Den største utfordringa for kommuneoverlegen er at situasjonen er i stadig, og i rask endring. Råd som er fullt gjeldande onsdag kveld kan vere utdaterte torsdag ved middag. Det er også krevjande å skulle gje eintydige råd sidan det ikkje finnast rettleiarar eller retningslinjer som dekkjer alle spørsmål og nyansar.

Ein kan forvente at retningslinjene vil endre seg gradvis framover og at vi vil kunne få ei oppmjuking og normalisering, så lenge ein ikkje ser teikn til for mykje smittespreiing. Det er difor sannsynleg at  retningslinjene for sommaren ikkje vil vere heilt som no. Signal frå sentrale myndigheiter er at ein skal vere avventande med å opne opp for alle typar aktivitetar samtidig, men det finnast ikkje ei detaljert, sentralt bestemt oppskrift. Det er eit ynskje å opne opp for nokre ting om gongen – i etappar – for å vurdere effekta på epidemien.

Planlegging av aktivitetar

Thomas ynskjer å vere lett tilgjengeleg for rådgjeving, men arbeidsmengda er svært stor for tida.  Han oppfordrar difor kvar enkelt aktør til å  jobbe med eigne planar og rutinar basert på det som er tilgjengeleg av retningslinjer og rettleiarar. Kvar enkelt kjenner «anatomien» og forholda i eigen organisasjon/situasjon best, og har føresetnad for å lage si «oppskrift» ut ifrå dette.

I planleggingsarbeidet må ein ta utgangspunkt i noverande situasjon og skalere planar etter dette, men med eit håp om mindre strengare retningslinjer i tida framover. Ved større arrangement/aktivitetar vil det vere lurt å avtale eit innleiande møte med kommunen for å danne ei felles forståing av grunnlaget for vidare planlegging. I det vidare arbeidet kan ein søke fortløpande rettleiing frå Thomas om smittevern, medan det aktuelle kommunalområdet kan bidra med rettleiing knytt til andre aspekt ved planlegginga.

Uansett korleis retningslinjene endrar seg framover, seier Thomas at grunnprinspippa i all smittevernplanlegging framleis vil dreie seg om å halde avstand, å ha god handhygiene og at ein held seg heime om ein er sjuk. Fokuset for arrangørar/drivarar må difor i stor grad handle om å understøtte dette gjennom konkrete tiltak under arrangement/drift, i tillegg må ein ha eit spesielt fokus på felles kontaktflater som mogeleg smitteveg. Dette gjeld mellom anna for toalett/garderober/dusj m.m, matstasjonar og utstyr som blir delt på av fleire.

Viktige punkt i planlegging av aktivitetar:

  • Søk informasjon frå tilgjengelege kjelder
  • Alt forankra i grunnprinsippa for smitteførebygging
  • Søk råd tidlig ved behov for spesifikke, grunnleggande avklaringar for vidare framdrift.
  • Ver offensive i planleggingsarbeidet og jobb fram gode og tilpassa eigne rutinar/planar som sikrar eit godt smittevern når ein kjem til gjennomføring.
  • Søk råd undervegs ved behov
  • Gjerne skriftleg kommunikasjon ved smittevernrådgjeving

Kjelder til informasjon

Arild Vonheim - rådgjevar for lokal samfunnsutvikling

Lag og organisasjonar blir dessverre ikkje rike av dugnad og frivilligheit, men heldigvis rike på opplevingar! Arild har difor nokre tips til korleis ein kan auke opp bankkontoen, både no i desse korona-tider, men også i den ordinære kvardagen. Det finnast mange ulike tilskots- og støtteordningar ein kan søkje pengar frå, og Arild trekk fram to oversiktssider som er nyttige å ha kjennskap til.

Stad kommune har laga eit årshjul der ein har samla alle ulike stadar lag og ogranisasjonar i lokalmiljøet kan søkje midlar. Dette hjulet vil du finne på Stad kommune sine heimesider i løpet av 14 dagars tid. Dette er lagt opp slik at ein kan gå inn t.d. månad for månad og sjå kva aktuelle støtteordningar som nærmar seg søknadsfrist. Her ligg det også info om kva støtte det gjeld, kva kriterier som skal til for å få tilskot, osv. Både offentlege og private ordningar er samla i dette årshjulet.

I tillegg bør alle gå inn og sjekke ut Tilskuddsportalen. Dette er landets største database med samling av alle tilskotsordnignar som finnast i landet. Alle lag og organisasjonar som har eige org.nummer og som har adresse i Stad kommune kan få tilgong her, og dette gjer ein via ei sjølv-registrering. Dersom de treng hjelp anten til registrering, tips og råd til søknadsskriving eller om de lurer på kva tilskotsordning de skal søkje på, kan de ta kontakt med Arild så vil han hjelpe dykk gjennom prosessen.  Ynskjet er jo at flest mogleg i Stad kommune skal få tilskot.

Arild sitt beste råd er at det er betre å sende ein søknad for mykje enn ein søknad for lite! Ein del av midlane er enkle å få tak i, og kan gjere at ein klarer å halde aktiviteten oppe, eller at ein kan aktivisere endå fleire!

I tillegg finnast det no fleire gode digitale løysingar for møteavvikling på nettet som er gratis å bruke for lag og organisasjonar. Det er mange som sit og ventar på kva tid ein til dømes kan ha årsmøte, kanskje kan ein i år avvikle dette digitalt? Sjekk ut Idrettsforbundet sine sider, kanskje dette kan vere noko for ditt lag?

Alternative måtar til aktivitet?

Veldig mange lag og organisasjonar har hatt nedgang i aktivitetane sine etter at landet stengde ned. Frivilligsentralane presenterte tre aktørar som har funne alternative måtar å arrangere aktiviteten sin på. Det er mange ting ein kan gjere sjølv om ein berre kan samlast i små grupper!

Guri Haga frå Eid hagelag fortalde om ryddedugnad i Sagaparken, som botna i hagelaget sin vanlege aktivitet der dei samla tang for å ha som gjødsel i hagane sine. Dette vart samstundes ei oppryddingsøkt før badesesongen startar! Hagelaget sin vanlege aktivitetar skjer jo ute, og då er det enkelt å halde avstand. I tillegg har dei påmelding til aktivitetane sine slik at dei ikkje blir for store grupper. Det er viktig å ikkje stoppe opp, men halde noko aktivitet gåande, meiner Haga.  

Gry Hansen frå Bygda Yogaskule er ein aktivitetstilbydar, og held vanlegvis yoga både heime i Ervika og rundt om i distriktet. Etter 12. mars måtte Gry tenkje nytt, då mange planlagde jobbar utover sommaren vart avlyste, i tillegg til avlysing av dei vekentlege klassene. Nokre kundar foreslo online yoga, som Gry valde å satse på. I starten var ho skeptisk til om ho skulle klare den tekniske biten, men dette viste seg å vere overraskande lett.  Ved hjelp av ei enkel teknisk løysing i form av ein app, var ho på nett. Ho starta i det små med ei klasse i veka, men pågangen auka raskt. Ho har ho større pågang enn då ho dreiv ordinær undervisning! Folk frå heile verda besøkjer no det vesle online-studioet i Ervika via nettet.

Therese Balsnes og Haugen skulemusikk arrangerer denne våre digital basar i staden for den ordinære basaren dei hadde planlagt. Dei måtte tenkje alternativt for å få inn pengane dei hadde budsjettert med, og fann ut at dei skulle prøve ein digital basar. Førebuingane er omtrent dei same som til ein vanleg basar, du må til dømes framleis søkje om lotteriløyve. Loddtakinga skjer via Vipps eller ved å sette pengar på bankkonto.

Dei tenkte også kreativt for å få inn gevinstar, mange bedrifter har det tungt økonomisk eller har permitteringar, då er det ikkje like kjekt å tigge gevinstar. Dei har i staden vendt seg mot det nære og kjære, og har mange heimelaga gevinstar. I tillegg har enkelte bedrifter kontakt skulemusikken og gjeve dei gevinstar på eige initiativ.

Dei starta marknadsføringa om lag fire veker før trekninga med å presentere gevinstane på Facebook og korleis ein kan ta lodd. Trekninga blir streama i ei direktesending på nett, der styret i skulemusikken er vertskap. Målet er å få inn halvparten av inntektene dei hadde fått ved ein ordinær basar, og ei veke før trekking ligg dei godt an! Terese understrekjer at digital basar slett ikkje er vanskeleg å få til.  

Ordførar Alfred Bjørlo understreka at ein treng friviligheita både i gode og mindre gode tider. Det at vi har hatt beredskap i frivilligheita i gode tider var til stor hjelp no når vi kom inn i vanskelegare tider.

Kultur- og dugnadskommunen Stad merkar godt situasjonen vi no er i. Det blir til dømes ikkje Malakoff i år, der mange lag og organiasasjonar hentar gode inntekter via dugnadsarbeid. Kommunen jobbar aktivt opp i mot fylket og staten for å sikre gode økonomiske ordningar som kan hjelpe lag og organisasjonar. Kommunen har ikkje ein stor pengesekk å ause av, men dei stiller opp der dei kan, anten gjennom råd, tips og rettleiing, eller gjennom å gjere små eller store tiltak som kan lette på situasjonen.

Stad kommune blir også direkte påverka gjennom at reiseliv- og turistnæringa blir påverka. Dette er store utfordringar som kommunen er ein del av. Dei jobbar no aktivt med dette, både dei økonomiske konsekvensane men også dei praktiske. Vi ynskjer å vere ein plass der folk reiser til, korleis kan ein legge til rette for turisme i Stad og Nordfjord, no når vi blir oppfordra til å feriere innanlands? Alfred håpar at sommaren kan bli full av liv og aktivitet, og at frivillige lag og organisasjonar kan få vist seg fram. Alt heng sjølvsagt saman med gjeldande retningslinjer.

Så minner ordføraren på at vi trass alt er heldige i Stad. Vi er midt i ein global pandemi, samstundes har vi ikkje registrert smitte i vår eigen kommune endå. Vi har god tumleplass rundt oss og store friluftsområder til rådigheit, og er ikkje avhengig av overfylt kollektivtransport for å kome oss rundt. Så skal vi likevel huske på dei som har det ekstra vanskeleg grunna denne situasjonen. Det er til dømes våre eldre på institusjonane, som ikkje lenger kan ta i mot besøk, eller dei som av ulike årsaker har det vanskeleg også når det ikkje er unntakstilstand.

Ordøraren held også kontakta inn i mot styresmaktene sentralt, og hadde denne kvelden med seg ei helsing frå kulturminister Abid Raja. Han er  lei for at han ikkje kunne kome på skulemusikalen Skjult, men han heiar på arbeidet vi gjer og helsar så mykje til alle.

Dersom du har spørsmål kan du gjerne ta kontakt med Alfred på e-post alfred.bjorlo@stad.kommune.no, sende SMS 480 82 652 eller sende ei melding på Facebook eller Messenger.  Han svarer på så mykje han klarer, eller så sender spørsmålet vidare til andre som kan svare.

 

Ta også gjerne kontakt med dei lokale frivilligsentralane om du har spørsmål , ein idé eller utfordringar i ditt lag, organisasjon eller aktivitet du har lyst å diskutere. Frivilligsentralane vil gjerne bidra og sjå på kva ein kan løyse saman. Sjå heimesidene til Selje frivilligsentral og Eid frivilligsentral, eller søk inspirasjon frå andre stadar i landet ved å besøkje frivilligsentral.nofrivillig.no eller frivillighetnorge.no