Resultat av andre gongs testing av avdeling 2 i Golvsengane barnehage og klasse 1A og 1B ved Nordfjordeid skule

Fredag ettermiddag vart born og tilsette i avdeling 2 i Golvsengane barnehage og klasse 1A og 1B ved Nordfjordeid skule testa for andre gong i karanteneperioden.

Prøvesvar laurdag kveld har ikkje vist nye positive prøver. Det manglar framleis svar på til saman sju prøver. Svar på desse er venta søndag.

Born og tilsette i desse gruppene har no blitt testa for covid-19 minst sju døgn etter siste moglege eksponering for smitte. Alle born og tilsette som har fått stadfesta negativt svar på denne testen, er ferdige med karantenen og kan vende tilbake til normal aktivitet. Dei som framleis manglar svar må halde seg i karantene heilt til svaret er klart.

Det er heller ingen andre positive prøvesvar etter ordinær testing på Nordfjordeid fredag. Laurdag kveld har ein fått svar på totalt 102 av 109 prøver tatt fredag.