Status covid-19-smitte i Stad kommune

Her finn du oppdatert info om status for smittesituasjonen i Stad pr 3.12:

Hogatunet bu- og behandlingssenter

Ved Hogatunet bu- og behandlingssenter var ein frå tidlegare i veka kjent med at fire bebuarar og ein tilsett på ei avdeling («Fossen») hadde fått påvist covid-19. Situasjonen er kartlagt vidare med PCR-testing, og svar viser at ein anna bebuar i same avdeling også er smitta. Det er då totalt fem smitta bebuarar i avdelinga. Det er elles ikkje funne fleire nye smittetilfelle blant bebuarar eller tilsette. 

Nordfjordeid skule

Ved Nordfjordeid skule var ein frå tidlegare i veka kjent med at fire elevar var smitta. Dette var to elevar i klasse 6A, ein elev i klasse 3B og ein elev i klasse 1C. Onsdag kveld og torsdag har ein ny elev i klasse 6A og ein ny elev i klasse 3B fått påvist smitte. Medelevar i dei aktuelle klassane skal framleis observerast, og testast og haldast heime om dei utviklar symptom. Ein av elevane som no har fått påvist smitte har også vore i SFO dei siste dagane. Vi oppmodar derfor føresette til elevar også i SFO om å vere oppmerksame på symptom i tida framover og ha lav terskel for å teste barna og halde dei heime om dei utviklar symptom.

Den generelle smittesituasjonen i kommunen

Den siste veka har ein avdekka mindre utbrot av smitte i enkelte miljø. I tillegg har det over tid vore nokre enkelttilfelle av smitte i kommunen. Desse vert også følgt opp etter gjeldande retningslinjer for isolasjon og tiltak for nærkontaktar. Det er ikkje haldepunkt for utbreidd «villsmitte» i lokalmiljøa i kommunen, men vi ser at smitten kan finne ulike vegar og at også fullvaksinerte kan verte smitta. Vi må vere budde på at covid-19-smitte i noko grad vil finnast i kommunen i tida framover. Derfor er det svært viktig at folk testar seg og held seg heime ved symptom. Dette gjeld også fullvaksinerte. På denne måten kan mogeleg covid-19-smitte oppdagast tidleg og ein kan førebygge vidare spreiing av viruset.

Det er nasjonale anbefalingar og reglar som gjeld i Stad kommune, og vi oppmodar alle om å følgje desse.