Status for covid-19-smitte i Stad kommune 13.12.21Her finn du oppdaterte info om status for smitte i Stad.Det er ikkje funne nye smittetilfelle med smitterisiko inn i skulemiljøet ved Nordfjordeid skule sidan tysdag 7. desember. Det er heller ikkje påvist nye smittetilfelle ved Hogatunet bu- og behandlingssenter sidan tysdag 7. desember.Gjennom helga er det påvist nokre tilfelle av vidare smitte innanfor husstandar og eitt frittståande smittetilfelle kopla til smitte utanfor kommunen. Desse vert følgt opp etter gjeldande retningslinjer. Publisert13.12.2021 17.17 Sist endra13.12.2021 17.37