To nye personar er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19

Søndag  kveld synte resultat frå testing gjort i Selje fredag at to nye personar har testa positivt for covid-19. Desse to smittetilfella er ikkje relatert til kvarandre eller til påvist smitte her i Stad tidlegare i veka.

Den eine personen var sett i karantene og testa i Selje etter at ein vart kjent med eksponering for smitte i Bergen før reise hit. Det er ingen ubeskytta nærkontaktar i saka, og smittesporinga er avslutta.

Den andre personen var i karantene etter kjent eksponering for smitte i Ålesund og testa positiv på prøve tatt i slutten av karanteneperioden. Det er ingen ubeskytta nærkontaktar i saka, og smittesporinga er avslutta.   

Personar som er delvaksinerte med første vaksinedose meir enn tre veker før eksponering for smitte, eller fullvaksinerte meir enn ei veke før eksponering, vert rekna som beskytta og vert ikkje pålagt smittekarantene sjølv om dei er nærkontaktar til ein smitta. Delvaksinerte nærkontaktar vert testa tre til sju døgn etter eksponering. Ubeskytta nærkontaktar vert sett i karantene på vanleg måte og testa i starten av karanteneperioden og sju døgn etter siste eksponering.

Vi oppmodar alle innbyggjarar om å følgje einmetersregelen nøye, ha god handhygiene og ha lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved teikn til sjukdom.

Vi minner om at også vaksinerte personar bør teste seg ved symptom.