Aktuelt
Vi tilbyr ein oppfriskingsdose til alle som er 18 år eller eldre. Oppfriskingdose skal settast minst 20 veker etter at du fekk dose 2. Du kan logge inn og finne dato for vaksinar du har fått på helsenorge.no
For personar som har nedsett immunforsvar og har fått tre dosar i grunnvaksinasjonen, skal det vere minst 3 månader mellom dose 3 og oppfriskingsdosen.
Ønskjer du dose 1 eller dose 2 i grunnvaksinasjon, kan du også bestille deg time på ein av våre vaksinasjonsdagar. Det skal vere minst 3 veker mellom dose 1 og dose 2 (4 veker om ein eller begge dosane er frå Moderna).
For informasjon om vaksinasjon av barn og unge (årskulla 2003 til 2017), sjå HER
Det er i hovudsak vaksinen frå Pfizer/BioNTech som vert nytta. Vi har også eit avgrensa tilbod om Nuvaxovid-vaksinen. Sjå informasjon om denne HER
Fjerde vaksinedose
Dersom du er 80 år eller eldre, har fått 3 vaksinedosar og ikkje har gjennomgått koronasjukdom etter dette, kan du få ein ny oppfriskingsdose (dose 4) viss du sjølv ønskjer det. Dosen kan settast tidlegast 4 månader etter siste oppfriskingsdose.
Det er opp til kvar enkelt i denne aldersgruppa å avgjere om ein ønskjer ein fjerde dose. Personar i denne aldersgruppa vil ikkje bli aktivt kalla inn til time.
Vaksinasjonsdagar
I vår og sommar har vi vaksinasjonsdagar kvar tredje veke:
Selje legekontor
- Onsdag 11. mai
- Onsdag 1. juni
- Onsdag 22. juni
- Onsdag 13. juli
- Onsdag 3. august
- Onsdag 24. august
Timebestilling ved å ringe Selje legekontor: Telefon 57856106
Eid Legekontor
- Torsdag 12. mai
- Torsdag 2. juni
- Torsdag 23. juni
- Torsdag 14. juli
- Torsdag 4. august
- Torsdag 25. august.
Timebestilling ved å ringe Eid legekontor: Telefon 57863020
Informasjon om koronavaksinane og vaksinasjon av ulike grupper finn du her: https://www.helsenorge.no/koronavirus/koronavaksine/
Andel vaksinerte i Stad kommune
- Du finn mykje god informasjon på denne sida og dei sidene som vert lenka til. Du kan elles ta kontakt med oss for timebestilling, råd og rettleiing.
- Ring ditt næraste legekontor (råd, rettleiing og timebestilling).
- Selje legekontor: Telefon 57856106
- Eid legekontor: Telefon 57863020
- Send spørsmålet ditt på e-post til korona@stad.kommune.no (råd og rettleiing)
- Om du har spørsmål om helsetilstanden din og kva dette kan bety med tanke på koronavaksinasjon, ber vi deg kontakte fastlegen din på vanleg måte.
- Vi vaksinerer no ved Selje legekontor og Eid legekontor
- Transport til vaksinasjon må ordnast av kvar enkelt. Transport til vaksinasjon kan ikkje bestillast frå Pasientreiser eller legekontora. TT-kort kan nyttast ved evt. bruk av drosje.
- Du skal ikkje møte til vaksinasjon om du på vaksinasjonsdagen har symptom på forkjøling, feber over 38 °C eller andre teikn på infeksjonssjukdom
- Gje melding til Selje Legekontor (Telefon 57 85 61 06) eller Eid legekontor (Telefon 57 86 30 20).
- Sjølve vaksinen og vaksinasjonen er gratis.
- Legeforeininga, Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har gitt råd om at Janssen-vaksinen ikkje bør nyttast i Norge. På bakgrunn av dette har alle fastlegane i Stad kommune valt å ikkje gi tilbod om denne vaksinen.
- Du kan lese meir om vaksinen og den ordninga Regjeringa har opna for her: https://www.helsenorge.no/koronavirus/janssen-vaksinen/