MELDING

Infoside om korona 


Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Nye nasjonale koronatiltak frå 4. januar 2021

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Vaksinering Covid-19

Vaksinering Covid-19

Innbyggjarar i Stad vil få tilbod om covid-vaksine i samsvar med helsemyndigheitene sine anbefalingar og prioriteringar, så raskt og effektivt som det lar seg gjere.

Godkjenning av vaksiner

Les om dei to vaksinene som er godkjent i Norge; BioNTech og Pfizer.

 

Kva vaksine får vi?

Vi kjem til å få fleire vaksiner i løpet av det næraste året. Pfizer sin vaksine er den som først vert tilgjengeleg i Noreg. Vaksinen er ein mRNA-vaksine og skal gje 94 prosent vern mot covid-19 og vert gitt i to dosar med tre veker mellomrom.

Når startar vaksineringa i Stad?

Stad kommune starta den første vaksineringa 6. januar 2021. Stad mottok då 45 vaksiner. Leveransen framover er usikker mht. antal, men det vil truleg kome vaksiner kvar veke.

Kven får vaksine først?

Norske helsemyndigheiter har bestemt at med den smittesituasjonen vi har no, skal personar med høg alder og risikofaktorar få vaksinen først. Det betyr at sjukeheim står øverst på lista. Dersom det blir ein utvikling med stor smittespreiing i samfunnet og større press på helsetenesta, kan helsepersonell få høgare prioritet.

Stad har oversikt over alle som skal ha tilbod om vaksine i kommunen. Det er ikkje nødvendig å kontakte legetenesta for å setje seg på liste. Alle vil bli kontakta for avtale når det er deira tur til å bli vaksinerte.

Arbeidet vil bli omfattande og kommuneoverlegen oppmodar alle om å gjere det dei kan for å ha best mogeleg kunnskap om koronavaksinen i tida som kjem. Det er viktig at kvar enkelt har eit godt grunnlag for å velje om ein vil ta imot tilbodet om vaksine. Det vil ikkje bli gjeve omfattande informasjon til kvar enkelt ved sjølve innkallinga. Her finn du informasjon om vaksinen: https://www.helsenorge.no/koronavirus/koronavaksine/

Prioritert rekkjefølgje for vaksinasjon:

1. Bebuarar på sjukeheim 

2. Alder 85 år og eldre

3. Alder 75-84 år 

4. Alder 65-74 år 
OG personar mellom 18 og 64 år med disse sjukdomane/tilstandane:  

  • organtransplantasjon
  • immunsvikt
  • hematologisk kreftsykdom siste fem år 
  • annan aktiv kreftsykdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft 
  • nevrologiske sjukdom eller muskelsjukdom som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon 
  • kroniske nyresjukdom eller betydeleg nedsett nyrefunksjon

5. Alder 55-64 år med desse sjukdomane/tilstandane:  

  • Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsatt leverfunksjon 
  • Immundempande behandling ved autoimmune sjukdomar  
  • Diabetes  
  • Kronisk lungesjukdom
  • Fedme med kroppsmasseindeks (KMI på ≥ 35 kg/m2 eller høgare)
  • Demens  
  • Kroniske hjerte- og karsjukdomar (med unntak av høgt blodtrykk)  
  • Hjerneslag  
  • Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom som ikkje er nevnt i lista over kan også gje auka risiko for alvorleg sjukdom og død av covid-19. Dette blir vurdert individuelt av lege.

6. Alder 45-54 år med same sjukdomar/tilstandar som er listet opp i pkt. 5 

7. Alder 18-44 år med same sjukdomar/tilstandar som er listet opp i pkt. 5 

8. Alder 55-64 år 

9. Alder 45-54 år   

Les meir om prioriterte grupper på Folkehelseinstituttet si nettside.

Korleis organiserar vi vaksineringa?

Når vaksine blir levert må den nyttast innan få dagar. Det betyr at arbeidet vil vere intensivt når leveransane kjem. Med gode planar og godt budde tilsette skal vi kunne løyse dette på ein god måte.

Det er legekontora i kommunen i samarbeid med helsesjukepleiarar som gjennomfører vaksinasjonen. I tillegg vil bebuarar ved sjukeheimane verte vaksinerte av personale ved institusjonane.

Her er FHI si fortløpande publisering om status for vaksinering

Infobrosjyre

Info.flyer januar 2021 - Vaksinering covid-19

Info.flyer januar 2021 - Vaksinering covid-19 pdf (PDF, 2 MB)

Koronavaksine illustrert på 1-2-3

Meir info 

Spørsmål og svar om koronavaksina