Endring i retningslinjene for drift av campingplassar i kommune

Endring i retningslinjene for drift av campingplassar i kommune

I samsvar med den gradvise og kontrollerte opninga av samfunnet, har det vore relativt strenge retningslinjer for drifta av campingplassane i kommunen i samband med Covid-19.

Frå tysdag 26.05.2020 er retningslinjene for campingplassane i kommunen at drifta til ei kvar tid skal vere i samsvar med NHO Reiseliv sin bransjenorm for handtering av smitteverntiltak ved norske campingbedrifter. Dette er eit levande dokument som vil verte oppdatert fortløpande i tida som kjem.

Bransjenorma finn du her: https://www.nhoreiseliv.no/bransjer/camping/dokumenter/2020/bransjenorm-for-handtering-av-smitteverntiltak-ved-campingplasser/

Ta kontakt med kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld ved behov for rådgjeving i samband med dette.

Vurderinga er gjort i samråd med kommuneoverlegen i Stryn, og det vil vere like retningslinjer i Stryn og Stad.