MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Koronatesting i Stad kommune

Koronatesting i Stad kommune

Pasientar som har fastlege ved Eid legekontor, vert testa ved luftvegsklinikken som ligg rett aust for Nordfjord sjukehus. Pasientar som høyrer til Selje legekontor, vert testa i eigne lokale ved Selje legekontor. 

Vi testar til vanleg alle kvardagar. Testing i helg vert i hovudregelen berre gjort i samband med nødvendig undersøking av legevaktslege. Andre løysingar vil kunne komme på plass ved eit lokalt utbrot. 

Er du i tvil om du bør testast?
Ta koronasjekken!

Ønskjer du test for koronavirus utan å trenge undersøking av lege?

Om du tenker at du bør testast for koronavirus, men ikkje tenker at du er så sjuk at du bør undersøkast av lege, skal du ringe kommunen si teneste for bestilling av koronatesting.

Bestilling av koronatesting i Stad kommune: Telefon 91 00 77 08

Telefonen er open måndag til fredag kl 09-12.

Treng du å undersøkast av lege?

Om du er sjuk på ein måte som gjer at du ser behov for å bli undersøkt av lege, skal du ta kontakt med fastlegen din. Utanom kontortid skal du kontakte Nordfjord legevakt. Nødvendig koronatesting vil bli utført i samband med legeundersøkinga. 

Testresultatet finn du sjølv

Testar du positivt for koronavirus, tek kommunen kontakt med deg snarast råd. Hugs å ta telefonen om eit ukjent nummer ringer deg. 

Ikkje ring legekontora eller bestillingstelefonen vår for prøvesvar. Testar du negativt, finn du prøvesvaret på helsenorge.no. Svaret er vanlegvis klart om kvelden neste virkedag. Du får ikkje varsel når resultatet er klart på helsenorge.no. Du må logge inn og sjekke sjølv. 

Har du barn under 16 år som har tatt testen, finn du også prøvesvaret deira ved å logge inn på helsenorge.no. Frå fylte 16 år må ein sjølv logge seg inn. 

Om ikkje du kan logge inn på helsenorge.no, kan du kontakte fastlegen for å få prøvesvaret. 

Hald deg heime i påvente av prøvesvar og til du er heilt frisk

Etter at du har testa deg for korona, må du halde deg heime til du har fått negativt prøvesvar OG du føler deg heilt frisk. Det er viktig å hugse at eit negativt prøvesvar ikkje fritek deg frå å vere heime så lenge du er sjuk, eller vere i karantene i ti dagar om du er sett i karantene etter nærkontakt med ein smitta person eller etter reise til «raude land/område».

Betaling

Koronatesting er gratis. 

Kven bør teste seg for koronavirus?

Stad kommune følger Folkehelseinstituttet sine kriterium for kven som skal testast for koronavirus. Alle som sjølv mistenker at dei er smitta av covid-19, har høve til å teste seg.

Vi anbefaler at desse testar seg: 

•    Personar med symptom på covid-19, inkludert alle med nyoppstått luftvegsinfeksjon eller andre symptom som kan skuldast covid-19. Symptoma liknar dei ein ser ved forkjøling og influensa.
o    Symptom frå øvre luftvegar: feber, sår hals og hoste
o    Nokre får pustevanskar og lungebetennelse
o    Dei som vert sjuke, får vanlegvis først vondt i halsen, forkjøling og lett hoste i tillegg til sjukdomskjensle og muskelsmerter. Noen får diare, men det er ikkje vanleg. Nedsett smaks- og luktesans kan også vere eit symptom.

•    Personar som har vore utsett for smitte, enten som nærkontakt til ein person som har covid-19, eller som har kome til Norge frå «raude land/område» dei siste 10 dagane.

•    Andre grupper utan symptom kan i nokre situasjonar verte testa etter nærare vurdering av lege, til dømes tilsette i helsevesenet.

NB! Alle som vert testa for koronavirus skal halde seg heime til dei har fått eit negativt prøvesvar OG dei har blitt symptomfrie. 

Barn under 10 år med berre lette symptom på luftvegsinfeksjon kan sjå an symptoma heime eit par dagar før testing. Barn med rennande nase som einaste symptom, som elles er i god allmenntilstand utan andre teikn på nyoppstått luftvegsinfeksjon, treng ikkje å halde seg heime eller verte testa.

Har du meir generelle spørsmål om korona utan å vere sjuk eller ha behov for koronatesting?

Er du alvorlig sjuk og treng øyeblikkelig legehjelp? 

Ring legevakt på 116 117

Står liv og helse i akutt fare?

Ring 113